lørdag 7. februar 2009

Skal vi reise i tid?

Eg har "funne opp" ein leik som eg bruker mykje saman med Sebastian. Det starta heilt tilfeldig ein dag for ca. 3 år sidan. Han sat og kosa seg i fanget mitt og var svært så lyttande til alt eg fortalde. Eg kom på at vi kunne lage ei historie sjølve, vi to. Eg skaut opp med handa, som ei rakett, og spurde han om kvar vi var no. Han var heldigvis flink til å svare, og dermed var starten av fortellinga eit faktum. Eg spør videre, kven som er der? Kva vi gjer der? Kva dei gjer på? Slik held vi fram, eg spør og han fortel. Innimellom fortel eg litt kva vi har kome fram til. Står vi faste, "reiser" vi berre til ein annan stad.

No om dagen startar ofte turen på "Nipatrollet". Der er det vulkan...må eg forstå. Så vert vi skylde på sjøen av vulkanen. Der møter vi 120 fiskar som har dykkermaske på. Dykkermaskene står ikkje framover på fiskane, men peikar til kvar side....så sym vi videre, og fortelinga tek ikkje ende før han vert lei.

Trur dette har vore med på å stimulere fantasien hans, og også språket. Litt kjekt har det vore når vi har hatt besøk av venner som har vore "modige" nok til å site på det andre bestafanget og vere med på desse reisene. Det ser ut som om det fell i smak hos alle som vil vere med.

1 kommentar:

  1. Hei Og tusen takk for koseleg helsing inne hos meg. klart VI er naboar... nære sådanne her inne i dette koselege landet:0) For ein kjekk leik dokke to har saman, garantert stimulerande på alle måtar. Nyt laurdagen.
    Stort smil frå meg

    SvarSlett