mandag 2. februar 2009

Sebastian på telefonen

Det kima i telefonen, og det sjølvsagt midt under eit TV-program eg hadde tenkt å sjå. Det er ikkje mange eg ser i løpet av ei veke, så det var vel meininga at eg ikkje skulle sjå dette heller då. Kan ikkje akkurat seie at eg vart skuffa då eg løfta av røret, for i andre enden var Sebastian: Om nokon kunne vere med han på bading i morga, for mamma har så stor mage at ho kan ikkje bade. Klart vi vert med. Så kjem det frå han. "Kva er det som bråker slik med dokke?" "Det må vere TV-en" seier eg og legg til at dei bruker ikkje ha så høg lyd som oss. Då er det at svaret kjem promte: " Det er for at dokke har så tunge øyre det"

Slik fekk eg ei lita historie å fortelle i dag også. Det er desse små hendingane, eller gullkorna eg vil ta vare på og legge inn i bloggen.

1 kommentar:

  1. http://www.thecutestblogontheblock.com/backgrounds.php?cat=54

    SvarSlett