søndag 26. april 2009

Stova er ferdig, og har starta på gangen:-)

Fredag var det innflytting i stova att. Det tok litt tid denne oppussinga, men du så deilig det er å vere ferdig.

23.4.09 009

23.4.09 010

23.4.09 011

Det ferdige resultatet ser slik ut:-)

Ja, eg vart fornøgd.

Det som skjer når ein pussar opp, skjedde denne gongen også. Måtte sjølvsagt kjøpe nye gardiner. Har ikkje fått dei enda, men dei kjem nok etterkvart. I tillegg føler eg at ikkje alt passar inn på veggane, så eg er litt på vent med å plassere bilder. Vil liksom ha ein slags heilskap i det:-)

Denne helga har gått med til å rive ut av gangen. Alle lister og gulvet er fjerna...-og brent:-)

26.04.09 001

26.04.09 003

26.04.09 004

26.04.09 007

Hadde sjølvsagt med ein god hjelpar under bålbrenninga.

I dag har forresten det store skjedd. Hans-Petter starta motorsaga inne. Han har fjerna ein del av veggen der kjøkkendøra var, og det gjorde han med motorsag!!!!!

Det vart sjølvsagt støv og eksos over heile kjøkkenet. Ja, eg er nokså tålmodig av meg, og gredde faktisk å le av heile greia:-)

Smil frå ei støvete besta:-)

Må skunde meg å tilføye ein kommentar til det innlegget eg hadde før dette. Det er Victoria som har vorte god og rund, ikkje mora.

torsdag 23. april 2009

Besta fekk passe for første gong:-)

I dag har eg hatt besøk av vesle Victoria. Vi hadde ei skikkeleg kosestund samen medan mamma var til kontroll etter fødselen.Ho har vorte god og rund no.

23.4.09 001

Våken og blid heile tida. Det er så kjekt å verte kjend med dette vesle nurket.

23.4.09 003

Etter stellet på badet var det ei fornøgd lita prinsesse som kosa seg saman med besta.

23.4.09 006

Vi skal nok få mange fina stunder i åra framover.

23.4.09 007

Er ho ikkje nydeleg vel?

Smil frå besta

tirsdag 21. april 2009

Å sette farge på tilværet...

-kan vere så mongt:-)

No om dagen er eg vel mest oppteken av fargen på veggane i stova. Korleis vil dette verte til slutt skal tru? Vil møblane passe inn? Kan eg henge opp att det eg har hatt på veggane? Kan eg bruke gardinene, eller må eg til med nye? Det er ikkje så lett å sjå det føre seg korleis det vert før det er ferdig og eg skal setje alt inn att på stova.

Noko anna som verkeleg set farge på kvardagane er barnebarna. Har vel ikkje delt så mykje tid med dei som eg gjerne skulle denne perioda, men i går kom den eldste fargeklatten på besøk. Besten henta han og jammen var han ikkje kledd i malardress og klar for å ta i eitt tak.

15.4.09 011 

Starta nede med målarkosten.

15.4.09 013

Stolt over at det var noko han kunne som lisjesysta ikkje kunne.

15.4.09 015

Arbeidde seg videre oppover i gardintrappa.

15.4.09 016

Og pynta til slutt det heile med rullen. Stolt og fornøgd med resultatet. Er det rart at han set farge på tilværet?

Vesle Victoria kom innom då storebroern var ferdig med malinga. Nok ein fargeklatt på besøk hos besta og besten. Ho veks og trivast og søv faktisk heile natta:-)

Sjølv har eg stått på litt dei siste dagane. Det er så spennande når veggane begynner å ta farge. Held no på med det siste strøket på veggane, så når dagen er omme håper eg på at eg har att berre siste strøket på listene.

15.4.09 017

15.4.09 018

15.4.09 019

Slik såg det ut i dag tidleg før eg begynte på siste strøket.

søndag 19. april 2009

Det går ikkje så fort akkurat:-)

Oppussinga går sin gang den, men du så seint det går når alt skal sparklast og grunnast. Denne helga har eg i tillegg vore vekkreist, så lite har vorte gjort dei siste to dagene. Kan vel likvel sjå litt forandring sidan onsdag.

15.4.09 008

15.4.09 009

15.4.09 010

Alt har vorte heilt kvitt, Nesten slik at eg får problem med å sjå på veggene. Laurdag morgon vart siste strøket tatt på taket og på taklistene, så det er det einaste som er heilt ferdig så langt.

I dag har eg måla eit par veggar med den rette fargen, men har ikkje fått tatt bilete av det enda. Ein ting er sikkert og det er at det vert mykje lysare og lettare. Har også oppfatta at eg vil kjøpe ny måling til dør- og vindaugslistene. Den eg har kjøpt er rett og slett for matt.

Fargen som kjem på veggane heiter Bjørdalslys. Det kan sjå ut som eg har vore heldig med fargevalet.

onsdag 15. april 2009

Oppussingsbesta....onsdag:-)

Har starta med prosjekt oppussing. Har lenge gått rundt og sett på den forferdelege raudfargen på stova. den som var så fin for nokre år sidan. No er det nok, greier det ikkje lenger.

I går fekk eg vaska ned med grovvask og gjort alt klart til videre arbeid.

Slik såg det ut då eg stod opp i dag:

15.4.09 001

15.4.09 002

15.4.09 003

I dag har eg fått på kvistlakk på panelen og kome godt i gong med grunninga, så no ser det slik ut:

15.4.09 004

15.4.09 005

15.4.09 006

Litt framgong har det vore, og du så deilig det skal verte å sjå den rette fargen:-)

fredag 10. april 2009

På sirkus!

Onsdag var vi på sirkus saman med Sebastian. Vi reiste tidleg til Ørsta slik at vi kunne sikre oss gode billettar. Sebastian hadde sagt at vi skulle kjøpe tre sukkerspinn. Takk og lov så lot vi det vere med eitt. Utanfor sirkuset møtte vi ein barnehagekompis, Nicolai. Kompisane fann fort tonen, tok kvarandre i hendene og "passa" på kvarandre:-)

10.4.09 007

Inne på sirkuset var det nesten fullt, men vi fann plassane våre og sette oss spente ned å vente på forestillinga.

10.4.09 010

Vi fekk sjå luftakrobatikk, klovnar, trampolinekunstnar, slangemenneske, hundar, kamelar og ikkje minst elefantar.

10.4.09 013

Spenninga var til tider til å ta og føle på. Spesielt når dei var høgt under taket og det var bakoversalto på trampolina. At ein då får sukkerspinn i heile ansiktet får heller stå si prøve:-)

10.4.09 009

Her er det snakk om å kose seg ja:-)

tirsdag 7. april 2009

Søkk gjennomblaute, men kva gjer vel det?

Søndag hadde vi ei avtale med Sebastian om at vi skulle ta ein tur på sætra. Sidan han var eit og eit halvt år gamal, har vi tatt turar dit. Favorittstaden er Grytaelva. Vi har sagt at Grusomme Gabriel bur under ein stein der, men i år har Sebastian funne ut at det er berre tull. Han kan ikkje bu der:-)

Likevel er det mykje ein kan styre med på ein slik tur. Mange steinar kan flyttast og vi kan lage nye far for elva. I tilleg kan det vere kjekt å flytte litt på vatnet, frå ein stad til ein annan. Til det treng ein noko å ha vatnet i. Ein kaffekopp kan duge.

4.5.09 025

Poserer gjerne med eit smil når besta vil ta bilder.

4.5.09 026

Etter hardt arbeid er det godt å lage seg eit bål og spidde pølser. Om ein har med litt ved heimanifrå, er det lett å få fyr på bålet sjølv om det regnar trollkjerringar.

4.5.09 021

Bålet varmar og pølsene mettar.

4.5.09 024

Det er godt med ein pust i bakken, kjekt å høyre på når besta og besten fortel om kva dei forskjellige fjella rundt omkring heiter.

4.5.09 022

Ja, vi var søkk gjennomblaute alle mann, men likevel er vi så glade for å få lov til å kose oss på desse små turane våre.

Vi gjorde avtale med mammaen og pappaen om at Sebastian burde vere heime før seks om kvelden, men då tida var komen for å ringe og seie at han kunne hentast, så kom det frå guten "Vil ikkje dokke ha meg lenger no?" Snakk om å smelte eit bestahjarte. Klart vi vil ha deg Sebastian, så ofte vi får lov og så ofte du vil:-)

mandag 6. april 2009

Litt av eit fugleliv

Sebastian har fått ei forsiktig tilnærming til Hugo no. Han var nok litt skeptisk til å begynne med, men med litt list og lempe, så har han fått fuglen til å sitte på handa si.

4.5.09 027

4.5.09 028

4.5.09 030

Stolt gut som fekk det til:-)

Kanskje vert det ein annan dans for hugo etterkvart som han vert tammare. Klikk på lenka om de vil sjå:

Fugledansen?

Eller kanskje slik:

Litt mykje leven kanskje?

Ha ei retteleg god og aktiv påske:-)

Litt påskestemning frå helga:-)

Starten på påska var heilt fantastisk. Fredagen tok eg med meg strikket og ei kald ei på altanen, letta litt på antrekket og sat ute i over to timar. Fekk besøk av ei venninne også:-) Temperaturen var faktisk oppe i 16 grader.Kjenner at sesongen er i gong. Dette er den finaste årstida ein kan ha, utan tvil.

Laurdag kom undersåttande innom. Dei var på trilletur med Sebastian og Victoria. Fortsatt var veret herleg og Victoria fekk sitt første utemåltid.

4.5.09 014

Godt innepakka i masse kle og teppet som eg strikka og tova då Sebastian var like liten som ho er no.

Sebastian er nok meir av det aktive slaget. Han er høgt og lavt til ei kvar tid. Denne dagen var det syrintreet som skulle utforskast.

4.5.09 019

Høgt heng han, men sur er han i alle fall ikkje:-)

4.5.09 020

God påske til alle mine bloggvenner:-)

fredag 3. april 2009

På Bondalseidet...nydeleg dag

Sist veke var heile ungdomsskulen på tur til Bondalseidet på skidag. Det var ein nydeleg dag med sol i frå skyfri himmel. Slike dagar er berre herlege. Kjekt å vere saman med elevane på ein slik måte også.

Frank Robert hadde tidleg sagt at den dagen vi skulle på fjelltur, så måtte eg seie i frå. Då visste han at skisenteret ville vere ope og så fekk han vise fram kor flink gromguten har vorte på slalomski.

30.03.09 001

Sebastian tok turen opp i heisa mange gongar saman med pappaen sin. Heilt i nottane var dei, og tok til og med skogsløypa ned igjen. Så flink ein gut:-)

Det var skikkeleg kjekt for meg at dei tok turen og at eg fekk vise han fram til både kolleger og elevar. Trur liksom at alle har interesse av det. Er det ikkje typisk besteforeldre?

onsdag 1. april 2009

Liten og rosa....godt i gong:-)

Sist veke kjøpte eg meg eit heilt nytt strikk. Visste at det vart ventetid på sjukehuset og trengte noko nytt og spennande. Sjølvsagt måtte det verte nok lite og rosa. Har aldri strikka holmønster før, men tenkte at det ikkje kunne vere så vanskelig. Eg kunne å strikke to saman og eg kunne å lage kast.

Så sette eg i gong med friskt mot, og det gjekk lett som berre det. Skikkeleg kjekt med litt utfordringar og med eit mønster som skiftar mykje. Spennande å sjå korleis det vert når eg har strikka nokre omgongar.

Picnik collage

Skjørtet på kjolen er nesten ferdig no. Har brukt mandaringarn. Det er nesten litt vanskelig å legge det i frå seg.

Smil frå Wivi