mandag 30. mars 2009

Sølve sin dag

Heile familia mi samla på eit brett:-) Sølve feira 8-årsdagen sin. HIPP, HIPP HURRA!!!

8 lys på kaka, og sjølvsagt er det fadderen, tante Lena, som skal halde kaka når lysa skal blåsast ut. Ein skikkeleg tøffing med hendene godt planta i lommene:

30.03.09 010

Lego er det store for tida. Når alderen er nokså lik, så kan alle vere med å leike. Litt misunning var det nok, men det gjekk over etterkvart.

30.03.09 012

Amalie, tantejenta mi og vesle Victoria. For ei herleg kontakt det var mellom dei to og så flink som ho var til å halde:-)

30.03.09 013

Enda ei tantejente, Miriam. Henne er eg fadder til. Ho er 12 år. Ei skikkelig kjekk jente, som skal vere med oss på tur i sommar. Ikkje noko å seie på kontakta mellom henne og Victoria heller. Ho måtte reise litt før vi andre sidan ho skulle på TALENTSAMLING  i fotball. Eg har sett henne på fotballbana og ho er skikkeleg flink. Trur ikkje ho har det etter mora:-)

30.03.09 007

Her har vi 18-åringen i familia, henne er eg også tante til. Lena meinte at det rasla nokså mykje i eggstokkane hennar. Stakkars Marius, kjærasten, måtte berre finne seg i å verte småmobba:-) Ho held på å utdanna seg til frisør og skal forhåpentlegvis ut som lærling til sommaren.

30.03.09 008

Elsie, svigerinna mi og Sebastian. Ho skal verte bestemor til hausten. Eg veit omtrent korleis det kjennast:-)

30.03.09 009

Lena, mor til Amalie og systra mi. Her har ho ei skikkeleg kosestund saman med Victoria.

30.03.09 011

Victoria hadde med seg bærebag, men den fekk vi ikkje bruk for. Ho gjekk frå hand til hand. Alle var like ivrige på å få halde:-)

30.03.09 017

Pappa i full konsentrasjon om bloggen min. Han har ikkje eiga datamaskin, men det kan nesten sjå ut som om han er "moden" nok for det no:-) Litt fleiping vart det også, om den dagen han får seg profil på facebook.

30.03.09 015

Ei samansveisa familie. Alltid like kjekt når vi får høve til å treffe kvarandre.

Klem frå Wivi

fredag 27. mars 2009

Besøk på morgonkvisten

Vakna av at telefonen ringte i dag. Det var Frank Robert som lurte på kvar eg var. Han og Sebastian hadde sykla til barnehagen og no ville han gjerne innom ein snartur. Eg var ikkje sein til å slenge føtene ut av senga og kome meg ned i kjøkkenet. Eg sette på kaffekjelen, (eg kokar fortsatt kaffeen på kokeplate ja) og tok meg ein varm og nykokt kopp med kaffe.

Det gjekk ikkje lange stunda før dei dukka opp utanfor døra. Alltid kjekt at nokon stikk innom ein tur. Victoria låg i vogna og sov så uskuldig, mens mammaen fekk lov til å ligge litt frampå i dag.

Sjølv skal eg vere heime i ein månad. Tok ein liten operasjon i går og må passe meg for å løfte tungt. Eg spurde sjølvsagt om veslejenta var for tung til å løfte, og det var ho ikkje:-)

Før eg reiste til sjukehuset, fekk eg ordna meg med eit lite strikk. Ja, det er lite og rosa sjølvsagt. Er komen godt i gong med det, det er alltid spennande å begynne på noko nytt. Ventetida på sjukehuset vart kort når eg hadde strikket mellom hendene.

søndag 22. mars 2009

Sebastian og Victoria

Denne helga har vi fått masse tid med barnebarna.  Laurdag fekk vi låne Sebastian og då tok vi ein tur hit:

badeland_ekstralite

Herøy fritisdbad. Vi har vore her fleire gongar og det er alltid like kjekt.

om

Vannsklia er populær. Besta og besten må alltid ein tur. Om ikkje vert ikkje dagen i badeland PERFEKT:-)

Vi fekk også tid til å besøke oldefar. Som bur i Fosnavåg:

leseprosjekt 001

Sølve som har bursdag i veka. Han fekk seg gåve. Indiana Jones lego, som vart bygd med ein gong av mange gode hjelparar:

leseprosjekt 005

Ei av hjelparane var Miriam, som også er ein racer på fotballbana:

leseprosjekt 014

Søndag fekk vi besøk av både Sebastian og Victoria. Ho er ikkje meir enn 16 dagar gammal, men vi kan sjå at ho veks og trivast. Søv heile natta gjer ho også.

14.3.09 003

Nydelig navn til ei lita prinsesse.14.3.09 006

Sebastian leika med lego, noko som han har vorte rett så flink til.

14.3.09 001

-og sjølvsagt måtte vi leite opp nokre spel slik at storebroren kunne kose seg. Mikado er litt vanskelig, men trening gjer meister:-)

14.3.09 002

Ei herleg helg med masse rekreasjon.

lørdag 14. mars 2009

Kan ein egentleg ha det betre?

Ei travel arbeidsveke er unnagjort. Det har vore lite tid til å lage innlegg på bloggen, men eg kjenner at det klør i fingrane etter å få dele denne veka med alle dokke som ser innom her.

Søndag var vi og besøkte prinsessa på sjukehuset. Alt var vel med både mammaen og veslejenta.

14.3.09 021

Her får eg halde henne i hendene for første gong. Eg kunne kjenne at det var god kontakt. Så utruleg deilig at ho var våken og eg kunne sjå det herlege blikket hennar.

14.3.09 027

Besten fekk også halde. Heilt spesielt å kjenne kor lita og tander ho er. Då er det godt å ha ei sterk og varm hand rundt seg.

14.3.09 019

Mamma sine hender er nok dei ho likar aller best å vere i. Dei er så trygge og varme.

14.3.09 029

Så liten, så god og varm, så nydelig og så utruleg avhengig av å ha andre rundt seg.

14.3.09 030

Heimkomen og trygt plassert i vogga som "onkel Roger" laga til Sebastian då han vart fødd.

14.3.09 032

Klart at Amalie må få halde. Amalie er tantejenta mi, som kom til Hareid då ho var 1 år og 8 månader. Eg er så heldig at eg får vere fadder på henne. Glad i deg jenta mi.

14.3.09 034

Vi skal nok få mange fine stunder i lag vi to veslejenta. Eg skal nyte kvar ei stund eg får ha saman med deg. Eg skal ta vare på dei vakre stundene.

prinsessa 005

Rockeren Sebastian. Den stolte storebroren som vi er så glade i. Ikkje heilt tilfeldig at han ville ha meg med til datamaskina. Han ville vise meg noko. Eg må seie eg var spent då:-) Han logga seg inn på you tube og begynte å skrive noko på søkelinja. Eg spurde kva det var han skulle skrive, men eg vart avfeia. Dette skulle han ordne opp i sjølv.

prinsessa 007

Til slutt hadde 5-åringen skrive "rakaraker" Som lærar så skjønte eg med ein gong at det var raga rockers han ville skrive. Ei stolt besta konstanterte at han var fint i gong med lydering:-)

prinsessa 010

Kassegitar er også stilig å spele på. Han skal spele i band når han vert stor, seier han. Besten skal visst vere med i bandet:-)

prinsessa 016

Stor gut som greier seg sjølv i dusjen.Kveldsstellet går som ein leik.

prinsessa 023

Ei lita kosestund framfor akvariet saman med Julio.

prinsessa 024

-og sjølvsagt må det teiknast og skrivast litt til besta og besten før han finn puta si:-)

Er det noko rart vi er stolte når vi har så flotte barnebarn?

fredag 6. mars 2009

Det vart ei prinsesse!

For ein stor dag. Det fins nesten ikkje ord. Ei fantastisk lita prinsesse vart fødd på Volda sjukehus klokka 9.13 i dag. Ho vog 2970 gram og var 48  cm. Vi er to rørte besteforeldre som har tatt til tårene fleire gongar i dag. Noko meir fantastisk kan vel ikkje skje.

prinsessa 025

Tenk å få lov til å vere besta og besten til denne lisje prinsessa. Ho er ei keiserinne. Tidspunktet var bestemt på førehand, men det gjer ikkje gleda mindre for det.

prinsessa 031

Ei stolt og rørt mamma, som har gått med henne i magen i ni månader. Godt å få lov til å helse på, halde rundt, kose og klappe på. Endelig er ho komen til verda. Endelig kan vi få lov til å sjå og verte kjent med henne. Du er ei fantastisk mamma cathrine. Vi er så glade i deg, og ikkje minst stolte av deg.

prinsessa 026

Pappaen er ikkje mindre stolt. Tenk Frank Robert at no er du pappa til to. Ein prins og ei prinsesse. Omsorgsfull, leikande, snill, arbeidssam og ikkje minst ein god pappa. Gla i deg guten vår og tusen takk for at de har skjenka oss to herlege barnebarn.

prinsessa 028

Og så storebroren då Sebastian. Sjå berre kor godt dei to passar samen. "Det er mi si" sa du. Ja, Sebastian det er di si lisjesyste dette. Di og ingen andre si. Vi veit at du kan vere omsorgsfull du også. Veit at du er opptatt av at andre har det godt. Vi veit at du vil vere der og gi henne kos når det trengs. At du vil trøyste når ho har det vondt. "Ej he litt tåre ej" sa du. Det var fordi du var glad fordi du hadde fått den mest fantastiske systa i verda. Og at du er "faktisk gla i babyen" slik som du sa.

prinsessa 029

Det er eit under som har skjedd i dag. Sjå kor vakker ho er. Ei bittelita nase i eit anlet som søv fredfullt utan bekymringar. Bitte små fingrar med endå mindre negler. Eit blikk, som er så djupt. Det er som om ho undrar seg på kva verd ho er komen i.

Håper livet vil vere snilt med deg vesle barnebarnet vårt.

Tusen takk Cathrine og Frank Robert for at de har gitt oss to fantastiske barnebarn. Tusen takk for at vi får ta del i kvardagen deira.

søndag 1. mars 2009

Ein herleg dag:-)

Åh, for ein herleg dag. Vi fekk låne Sebastian og ta han med på tur. Veret var nok ikkje av det beste slaget, men gode kle har vi nok av.

Vi tok turen til Rjåneset. Der var det litt mindre regn enn på Vartdal. Hadde tatt med pølser og deig til pinnebrød. Men så var det å få fyr på bålet i stiv kuling, ikkje den lettaste sak i verda akkurat. Med list og lempe så gjekk det bra likevel. Måtte nok avbarke litt tre rundt omkring, men prøvde å vere snille med trea slik at dei ikkje tok skade.

Så var det tid for å lage spiddepinnar.

1.3- 09 013

Fram med kniven og tunga beint i munnen.

1.3- 09 014

Ikkje noko problem det for ein stor kar på 5 år.

Så var det å leite opp deiga til pinnebrødet. Besten har ikkje sett slikt før han, men så har han heller ikkje gått i barnehagen slik som oss andre to.

1.3- 09 015

Spiddinga hadde vi full kontroll på. Kan godt ha på vottar sjølv om ein held ein pinne over bålet.

1.3- 09 018

Mmm, det smakar nydelig. Godt med mat ute i blæsten. Alt smakar godt då:-)

Deretter var det tid for andre aktivitetar. Vi måtte sjølvsagt erte båra. Mamma hadde sagt at om vi bada, så ville vi få husarrest, men vi bada ikkje altså, vi berre erta båra litt vi:-)

Bilde002

Bittelitt blaut på føtene, men kva gjer vel det når ein held seg i aktivitet.

Bilde006

Herleg latter når besta måtte røme unna for å ikkje verte blaut.

Området rundt måtte også undersøkast. Gøyme og leite var ein kjekk aktivitet. Men det hald på å gå gale for Sebastian vart redd for at han hadde mista besta. Slik er det når ein kanskje er enda meir leiken enn 5-åringen:-)

Så var det aktivitet på steinane rundt omkring. Måtte hoppe. Det hadde vore skihopp på TV, og Sebastian kunne ikkje vere noko verre enn desse han hadde sett før på dagen. Det var berre å ta seg rennfart:

Bilde010

-og hoppe seg avgarde. Det er alltid nokon som passar på at det ikkje går gale.

Kvifor må det vere sommar og sol når ein kan ha ein slik herleg dag i kuling og blæst?

Ikkje lett å avslutte ein slik dag:-)