torsdag 28. mai 2009

Har vore borte ei stund:-)

Det er ikkje det at eg ikkje har hatt lyst til å lage nye innlegg, men eg har vore vekkreist i ei veke. Saman med gode venninner reiste eg til Tyrkia 18 mai. Eg sa heile tida at eg skulle på knisetur, men trur eg tok feil. Det vart slettes ikkje knising, men latter. Masse latter. Du og du så mykje moro ein kan få ut av nesten ingenting. Oversettinga frå norsk til engelsk, var nok det som skapte mest latter. Nokre gongar vart det berre heilt feil og det gjorde damene lattermilde ja:-)

Ellers var vi på "hamam", det vil seie tyrkisk bad. Dette gjorde vireleg godt for kropp og sjel. Rett og slett deilig å verte stelt med. Eg besøkte også frisøren og fekk full pleie. Klipp, farging og fjerning av uønska hår. Det beste av alt, det kosta nesten ingenting:-)

Masse sol, varme, bading, god mat og vin. Kan ein ha det betre?

Tusen takk Anne Lise for at du inviterte oss med!

I dag har eg i tillegg fått min første award:

Eg fekk den av Strikkebesta i bloggverda. Rett og slett fordi eg delar litt av kvardagen saman med barnebarna mine med henne. Tusen takk:-)

Til helga vert det barnedåp. Vesle Victoria skal døypast. Ho er ei herleg lita jente no. Det er så inderleg godt å sjå det nydelege smilet ho gir i frå seg. Dåpskjolen har mi mor hekla, og Frank Robert var den første som var døypt i den. Eg skal ta bileter og legge ut ved eit seinare høve.

søndag 10. mai 2009

Er dette pedagogisk då?

Oppussinga av gangen er i gong ja, men det går veldig seint. tida har mest vore brukt til å rive ned, ikkje til å byggje opp.

Har hatt besøk av Sebastian, og då måtte vi finne på noko kjekt. Kanskje han kunne måle i gangen?

9.5.09 012

Tja, så mykje måling vart det nok ikkje, men han fekk då ta fram skrivekunnskapane sine.

9.5.09 014 

Det vart skrive oppover og nedover på veggane.

Fargerikt vart det nok....

9.5.09 013

-og kjekt var det nok å halde på med dette....

9.5.09 015

-spennande å få lov til å halde på ein stad der ein vanlegvis ikkje gjer...

-men om det er så veldig pedagogisk, er eg ikkje så sikker på?

Får berre håpe eg ikkje har lært guten unotar.

lørdag 9. mai 2009

Fiskelykke:-)

Det er kjekt å vere på kaia å fiske, spesielt når ein får fisk. Sebastian er bitt av basillen:-)9.5.09 006

Liten gut med stor stang. Konsentrert om jobben:-)

9.5.09 008

Sjølvsagt har han på redningsvest...

9.5.09 002

-og sjølvsagt fekk han fisk.

9.5.09 003

Litt vanskelig å få fisken av sluken, men det gjekk fint til slutt.

søndag 3. mai 2009

Ei kosestund saman med Victoria:-)

  Det går ikkje lange stunda før besta klør i heile kroppen etter litt babykos. I går var det ein slik dag då eg kjende meg utolmodig og berre ville kose. Men så var det slik då at familia var på tur, og eg kunne ikkje akkurat reise etter. Så eg sende ei melding på telefonen om at eg gjerne ville vite når dei var heime att.

5 minutt etter at dei var heimkomne, var vi på plass, både besta og besten. Hmm...lurer på om det kan vere plagsomt?

I alle fall, Victoria svikta ikkje, ho gav oss ei strålande stund med store gode smil:

26.04.09 022

26.04.09 029

26.04.09 027

Det er litt vanskeleg å fange dette smilet med kamera, men eg har ikkje tenkt å gi meg.

26.04.09 025

Besta fekk kose....

26.04.09 030

-og besten også:-)

Sebastian var også der. Han ville vise triks på trampolina. Salto er det store for tida. Han hadde vore på Vartdalstrancup i friidrett før i veka og snakka mykje om at han hadde tatt salto i lengdegropa. Har han misforstått noko skal tru?

I dag ville han også vise oss kor flink jan har vorte på rulle brett.

26.04.09 031

Berre han no ikkje begynner å ta salto på rullebrettet også, det veit eg ikkje om besta tåler.

I dag skreiv han forresten si eiga handleliste. For ei lærarbesta er det kjekt å sjå korleis han lyderer.

skann

Ikkje alt er like lett å tyde, men når ein har litt trening så klarar ein det.

ben10klokke

honnikorn

og ikkje minst smågodt...legg merke til korleis han har skrive det det ordet, det gjeld berre å halde seg alvorleg når ein les....ikkje sant?

Det kjekkaste av alt, er at han gjer det heilt sjølv, kun ved å lydere:-)

Smil frå ei stolt besta:-)

lørdag 2. mai 2009

Jakt og fiske:-)

1. mai, ein dag med strålande solskin som gav varme til både kropp og sjel.

Vi fekk besøk av Victoria og Sebastian. Det er alltid like kjekt.

Det som stod på programmet denne dagen var jakt og fiske. Sebastian kom springane inn på kjøkkenet til oss med ei stor bøtte i handa. Vi lurte sjølvsagt på kva han hadde føre no:-)

26.04.09 012

Oppe i bøtta kravla og kraup det av små innsekt. Biller, edderkopper, makkar, skrukketroll og sneglar med hus. Han hadde vore på jakt. Sjølvsagt måtte vi ut og jakte meir. Det er spennande å leite mellom steinar, under heller og i busk og kratt.

Så kom besten på at dei måtte fiske også. Fram med fiskestengrene, på med redningsvesten og rett på kaia for å fiske. Vi jentene vart att heime, men vi kunne sjå korleis dei kosa seg nede på kaia. Kven som koste seg mest, er ikkje godt å seie:-)

Fangst vart det også. Telefonen kima og Sebastian kunne fortelle at dei hadde fått ein sei som var mellom 30 og 40 cm. To gongar til kima det, så det vart tre seier.

"Sei er det beste eg veit" sa guten. Om det haldt seg oppe til kvelden, er eg ikkje så sikker på, men med to kattar i hus, så vart det nok eit herremåltid...til ein kvan.

26.04.09 013

Sjølvsat må fiskaren gjere opp fisken. Ein ivrig og arbeidsam gut tok fatt på jobben. Først av med hovudet.

26.04.09 014

Så måtte besten hjelpe til med å sprette den opp, før Sebastian kunne fjerne innmaten. Ikkje mykje kresen nei:-)

26.04.09 016

Ikkje så farleg om ein får litt fiskeblod på hendene.

26.04.09 018

Til slutt kan ei lita hand fjerne sporen:-)

26.04.09 021

Desverre var batteriet til fotoapparatet utlada, så eg fekk ikkje tatt bilder av det nydelege smilet til Victoria. Då eg hadde fått nok straum sov ho så godt, men dette skal vi nok få tatt igjen.

søndag 26. april 2009

Stova er ferdig, og har starta på gangen:-)

Fredag var det innflytting i stova att. Det tok litt tid denne oppussinga, men du så deilig det er å vere ferdig.

23.4.09 009

23.4.09 010

23.4.09 011

Det ferdige resultatet ser slik ut:-)

Ja, eg vart fornøgd.

Det som skjer når ein pussar opp, skjedde denne gongen også. Måtte sjølvsagt kjøpe nye gardiner. Har ikkje fått dei enda, men dei kjem nok etterkvart. I tillegg føler eg at ikkje alt passar inn på veggane, så eg er litt på vent med å plassere bilder. Vil liksom ha ein slags heilskap i det:-)

Denne helga har gått med til å rive ut av gangen. Alle lister og gulvet er fjerna...-og brent:-)

26.04.09 001

26.04.09 003

26.04.09 004

26.04.09 007

Hadde sjølvsagt med ein god hjelpar under bålbrenninga.

I dag har forresten det store skjedd. Hans-Petter starta motorsaga inne. Han har fjerna ein del av veggen der kjøkkendøra var, og det gjorde han med motorsag!!!!!

Det vart sjølvsagt støv og eksos over heile kjøkkenet. Ja, eg er nokså tålmodig av meg, og gredde faktisk å le av heile greia:-)

Smil frå ei støvete besta:-)

Må skunde meg å tilføye ein kommentar til det innlegget eg hadde før dette. Det er Victoria som har vorte god og rund, ikkje mora.

torsdag 23. april 2009

Besta fekk passe for første gong:-)

I dag har eg hatt besøk av vesle Victoria. Vi hadde ei skikkeleg kosestund samen medan mamma var til kontroll etter fødselen.Ho har vorte god og rund no.

23.4.09 001

Våken og blid heile tida. Det er så kjekt å verte kjend med dette vesle nurket.

23.4.09 003

Etter stellet på badet var det ei fornøgd lita prinsesse som kosa seg saman med besta.

23.4.09 006

Vi skal nok få mange fina stunder i åra framover.

23.4.09 007

Er ho ikkje nydeleg vel?

Smil frå besta