lørdag 14. februar 2009

Papegøye, vere eller ikkje vere?

 

undulat 2 

Tenkte eg skulle overraske Sebastian skikkelig denne gongen. Han hadde då spurt så fint om eg ikkje kunne kjøpe ei papegøye, og han er ikkje så lett å stå imot. "Typisk besta", vil vel nokre seie Gjekk innom amfi og kjøpte ein undulat med bur. .

Det eg ikkje tenkte på, var at eg kanskje overraska litt for mykje. Det var nok ikkje alle som ønskte seg ein fugl i hus:-) Sebastian vart vel overraska nok, og kjempeglad. Fuglen har fått navnet Hugo og han sit der stille og roleg i buret sitt.

undulat

Det er berre det at buret er plassert i feil hus:-) Slik går det når ein handlar før ein tenker, eller skal eg heller seie tenker før eg handlar? I alle fall har det no kome ein ny familiemedlem i huset her. Det var vel uventa?

1 kommentar:

  1. Så søt Hugo var:0) Og Kanskje en dag så flytta han til Sebastian.... kven veit. Du er bra snill, og det er så koseleg med dyr i huset. Ha ein fin måndag
    Smil frå meg

    SvarSlett