tirsdag 10. februar 2009

I koma, eller ikkje?

Tett før jul tok vi med Sebastian på teaterframsyning i Ålesund. Vi skulle sjå Jul i Skomakergata. I baksetet i bilen sat ein skravlande gut, som undra seg på dei utruligaste ting. Vi har vel mange gongar forundra oss på kvar han hentar alt i frå, og det er alltid like kjekt å lytte til det han fortel og spør om. Slik var det denne gongen også. Undervegs vart det slik at vi i framsetet måtte prate litt oss imellom også. Dermed vart vi aldri så lite uoppmerksame på "skvaldrekoppen".  Det neste vi høyrer bakfrå er: "Er dokke heilt i besvimelse eller?" Artig innslag i kvardagen  Og verdt å ta vare på.

morsdag2009 012

I dag lurte han forresten på om eg kunne kjøpe papegøye til han, for han hadde mista kanina si og trengte eit nytt dyr.

1 kommentar:

  1. Så herlege kommentarar ein får frå desse små.... Ein må vere oppmerksam heile tida... Artig og skal tru om det blir papegøye:0)
    Ha en flott onsdag.
    Smil frå Lill

    SvarSlett