onsdag 4. februar 2009

Litt strev:-)

Her skal ein virkelig få prøve seg forstår eg. Ukjent som det er for meg, så går det meste av tida med til å leite etter korleis eg skal få orden på bloggen. Kunne tenkt meg ein annan bakgrunn, men finn ikkje ut av det no. Fann ein teljar og sette inn den, men er nok ikkje heilt fornøgd enda.

Det vart ikkje bading likevel på ty
sdag, pappaen ville vere med sjølv, og då er det berre å trekke seg stille tilbake:-)

2 kommentarer:

  1. God kveld besta!!! Så kjekt at du har laga deg blogg!!! Gjekk ei stund og lurte på kven denne besta er, det er mange av dei på arbeidsstaden vår! Men då eg såg bilete av bestaklumpen din, skjønte eg sjølvsagt kven du er!!! Eg reknar med du veit kvar du skal spørre om blogghjelp? To dører lenger bort i gangen... Kom gjerne innom!

    SvarSlett
  2. Flott med teljar:) Ein lyt ta litt etter litt.
    Men om du går inn på den adressa eg gav deg med bakgrunnar, finn ein du likar. Kopier html-koda i boksa under ( merk teksta trykk ctrl + c) gå tilbake til bloggen din, trykk tilpass, så på gadeget i høgre marg, trykk her, finn den luka som det står html, trykk, lim inn html-coda i det store feltet(ctrl+v), lagr og vips så skal du ha ein fin bakgrunn....gjer som Tove sei...kom to dører lengre bort, så fiksar vi dette:)

    Så var det fotoredigeringa, eg likar godt dette programmet:

    http://www.picnik.com/app#/home/welcome

    men det finnest eit hav av utval, må berre prøve deg fram. Dette slepp du å laste ned på maskina di. Brukar det direkte frå nettet.

    Så var det skriveprogrammet som du må laste ned. Det heiter Windows live writer, lastar det gratis ned.

    http://www.microsoft.com/downloads/details.aspx?FamilyID=d2baeda0-aa9a-4080-9202-1f23902d1169&displaylang=en

    Prøv denne adressa:)

    Lykke til ;)

    SvarSlett