søndag 8. februar 2009

Morsdag med eit lite skråblikk

Fekk telefon i dag også. Sebastian hadde fått beskjed om å ringe meg for å gratulere med morsdagen, men han var opptatt av heilt andre ting. Han måtte berre klage til besta.

"Eg må skrive heile dagen besta", kom det med oppgitt stemme frå den andre enden av røret. Eg lurte sjølvsagt på kva det var som stod på.

"Pappa har sagt at eg må skrive heile morsdagen, og det vil eg ikkje."

Klart eg forstod. Pappaen skulle vere åleine heime medan mammaen skulle hjelpe til i ein barnedåp. Dermed vart sysselsettinga "enkel" for pappaen, trudde han. Sjølvsagt skulle guten lage morsdagskort. Men med ein bestemt liten herremann som ikkje lot seg styre, var det nok enklare sagt enn gjort. For han hadde rett og slett ikkje tenkt å skrive heile dagen.

Karane kom på besøk til middag, og sjølvsagt måtte besta få guten i gong med teikning. Det vart ein flott turistbåt med basseng, trampoline, tre kapteinar, ein katt, ein hund og sjølvsagt måtte det også vere med ein sel.

2 kommentarer:

  1. Sjå der, ja!!!! No har det vorte fint med deg! You go girl! Du er ei dame med mange talent, det var eg allereie klar over! Men med det sagt, har eg lyst å kaste over ein liten ball til deg...: Det er sikkert mange av dine kollegaer som hadde vorte glade om "nokon" arrangerte såpekokarkveld og lysstøyping! Kanskje ei flaske raud, endåtil??? Det må du tenkje litt på, trur eg... Sjåast i morgon!

    SvarSlett
  2. ...likte ideen til Tove...eg vil gjerne vere med.......

    Nydeleg teikning av vesle gullet;)
    Her har det også vorte produsert kort til glade bestemødre og eg sjølv har verkeleg kosa meg i dag. Proppa full av delige kaloriar...hihi...så i morgon må det bli vannvogna:)

    Sjåast i morgon!

    Nattaklem

    SvarSlett