søndag 1. februar 2009


Ei ny verd


Den nye verda eg lever i er ei bestemorverd, eller kanskje eg skal seie ei bestaverd? Det er ikkje nytt for meg å vere bestemor no sidan gromguten er 5 år allereie, men kvar ein einaste dag gir desse lysglimta. Det kan vere små handlingar eller ord som lysar så inderleg opp i kvardagen.


Å blogge, eller skrive ein blogg, er heilt nye tankar for meg. Har vore innom nokre lokale bloggar dei siste vekene. Dei har inspirert meg til og kanskje prøve. Eg veit fortsatt svært lite om korleis eg går fram i denne verda, men eitt lite forsøk skadar vel ikkje.

Då måtte det verte ein bestablogg, der eg kan skrive ned desse små hendingane i kvardagen. Tenkjer at hendingane må vere knytt til det å vere bestemor.

2 kommentarer: