onsdag 1. april 2009

Liten og rosa....godt i gong:-)

Sist veke kjøpte eg meg eit heilt nytt strikk. Visste at det vart ventetid på sjukehuset og trengte noko nytt og spennande. Sjølvsagt måtte det verte nok lite og rosa. Har aldri strikka holmønster før, men tenkte at det ikkje kunne vere så vanskelig. Eg kunne å strikke to saman og eg kunne å lage kast.

Så sette eg i gong med friskt mot, og det gjekk lett som berre det. Skikkeleg kjekt med litt utfordringar og med eit mønster som skiftar mykje. Spennande å sjå korleis det vert når eg har strikka nokre omgongar.

Picnik collage

Skjørtet på kjolen er nesten ferdig no. Har brukt mandaringarn. Det er nesten litt vanskelig å legge det i frå seg.

Smil frå Wivi

2 kommentarer:

  1. Lekkert!
    Det er heilt sant at det av og til er kjekt med nye utfordringar, og sjølvsagt spesielt kjekt når det blir så fint som her. Du kjem vel med bilete når kjolen er ferdig og veslejenta har fått den på?

    SvarSlett
  2. Heia
    Takke takk for koselige ord på bloggen min
    Ein ufo er vel ein forkortelse for noe som ikkje er fedig, noen og deriblandt meg begynner på nye ting og ikkje gjør ferdig før ein begynner på noe nytt
    god påske
    klemma fra monika

    SvarSlett