tirsdag 7. april 2009

Søkk gjennomblaute, men kva gjer vel det?

Søndag hadde vi ei avtale med Sebastian om at vi skulle ta ein tur på sætra. Sidan han var eit og eit halvt år gamal, har vi tatt turar dit. Favorittstaden er Grytaelva. Vi har sagt at Grusomme Gabriel bur under ein stein der, men i år har Sebastian funne ut at det er berre tull. Han kan ikkje bu der:-)

Likevel er det mykje ein kan styre med på ein slik tur. Mange steinar kan flyttast og vi kan lage nye far for elva. I tilleg kan det vere kjekt å flytte litt på vatnet, frå ein stad til ein annan. Til det treng ein noko å ha vatnet i. Ein kaffekopp kan duge.

4.5.09 025

Poserer gjerne med eit smil når besta vil ta bilder.

4.5.09 026

Etter hardt arbeid er det godt å lage seg eit bål og spidde pølser. Om ein har med litt ved heimanifrå, er det lett å få fyr på bålet sjølv om det regnar trollkjerringar.

4.5.09 021

Bålet varmar og pølsene mettar.

4.5.09 024

Det er godt med ein pust i bakken, kjekt å høyre på når besta og besten fortel om kva dei forskjellige fjella rundt omkring heiter.

4.5.09 022

Ja, vi var søkk gjennomblaute alle mann, men likevel er vi så glade for å få lov til å kose oss på desse små turane våre.

Vi gjorde avtale med mammaen og pappaen om at Sebastian burde vere heime før seks om kvelden, men då tida var komen for å ringe og seie at han kunne hentast, så kom det frå guten "Vil ikkje dokke ha meg lenger no?" Snakk om å smelte eit bestahjarte. Klart vi vil ha deg Sebastian, så ofte vi får lov og så ofte du vil:-)

3 kommentarer:

  1. Koeselig turrapport:) Det skal nok bli nokre turar saman med bornrborna på meg også dei næraste dagane. Det er i alle fall kjekt å ha fått huset fullt:) Fortsatt god påske!

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Så koselig ei historie du lar oss få ta del i her!
    Ha ei fortsatt god påske!

    SvarSlett