fredag 10. april 2009

På sirkus!

Onsdag var vi på sirkus saman med Sebastian. Vi reiste tidleg til Ørsta slik at vi kunne sikre oss gode billettar. Sebastian hadde sagt at vi skulle kjøpe tre sukkerspinn. Takk og lov så lot vi det vere med eitt. Utanfor sirkuset møtte vi ein barnehagekompis, Nicolai. Kompisane fann fort tonen, tok kvarandre i hendene og "passa" på kvarandre:-)

10.4.09 007

Inne på sirkuset var det nesten fullt, men vi fann plassane våre og sette oss spente ned å vente på forestillinga.

10.4.09 010

Vi fekk sjå luftakrobatikk, klovnar, trampolinekunstnar, slangemenneske, hundar, kamelar og ikkje minst elefantar.

10.4.09 013

Spenninga var til tider til å ta og føle på. Spesielt når dei var høgt under taket og det var bakoversalto på trampolina. At ein då får sukkerspinn i heile ansiktet får heller stå si prøve:-)

10.4.09 009

Her er det snakk om å kose seg ja:-)

2 kommentarer:

  1. Sirkus er gøy. Vi var tenkt oss ein tur vi også, men måtte utsette det pga sjukdom; lisjeprinsessa har øyrebetennelse...

    Ha ei fin påske

    SvarSlett
  2. Ingen tvil om at dette var kos og spenning! Det siste biletet er retteleg eit blinkskot, tydeleg at sirkus er tingen for den guten.

    SvarSlett