søndag 19. april 2009

Det går ikkje så fort akkurat:-)

Oppussinga går sin gang den, men du så seint det går når alt skal sparklast og grunnast. Denne helga har eg i tillegg vore vekkreist, så lite har vorte gjort dei siste to dagene. Kan vel likvel sjå litt forandring sidan onsdag.

15.4.09 008

15.4.09 009

15.4.09 010

Alt har vorte heilt kvitt, Nesten slik at eg får problem med å sjå på veggene. Laurdag morgon vart siste strøket tatt på taket og på taklistene, så det er det einaste som er heilt ferdig så langt.

I dag har eg måla eit par veggar med den rette fargen, men har ikkje fått tatt bilete av det enda. Ein ting er sikkert og det er at det vert mykje lysare og lettare. Har også oppfatta at eg vil kjøpe ny måling til dør- og vindaugslistene. Den eg har kjøpt er rett og slett for matt.

Fargen som kjem på veggane heiter Bjørdalslys. Det kan sjå ut som eg har vore heldig med fargevalet.

6 kommentarer:

  1. Godt at det går framover, om ikkje så brått.
    Kjekt at du er fornøgd med fargevalet ditt, er framleis spent på resultatet. Lukke til vidare:)

    SvarSlett
  2. Bjørdalslys er rett og slett berre vakker!!!! Vi har mala huset utvendig med den, og det vert nok eitt og anna rom som får same strøket innvendig! Du skal sjå du lyt til å invitere jobbgjengen utover på synfaring!!!!!

    SvarSlett
  3. Skulle berre seie ein ting til: Det går kanskje ikkje så fort, men det går framover!!!!

    SvarSlett
  4. No he det vort fint altsoo!!;-D
    Fin Farge;-P

    SvarSlett
  5. Hei hei.
    Dette blir jo kjempelekkert. Og den fargen er så fin. Tenk når dokke blir ferdig so fornøgd du blir:0))
    Stort smil frå Lill

    SvarSlett
  6. Hei!
    Så kjekt at du har lagt deg til som følgar av bloggen min:) Berre så synd at eg ikkje produserar innlegg på løpande band... Frekvensen tek seg vonaleg opp snart...:)

    Ser at du har valt fargen "Bjørdalslys" -det må eg seie er eit godt val;) Petter designa den fargen då vi pussa opp huset våra her i Bjørdalen:) Eg ville ha ein farge som var mørkare enn "Latte" og lysare enn "Caffe Latte", resultatet vart at han laga fargen "Bjørdalslys"!
    Vi er fortsatt veldig fornøgde med fargen, stor takk til Petter, og kjempeartig at fargen "Bjørdalslys" har vorte så populær!:)
    Håpar at du vert like fornøgd med fargevalet som eg er. Lukke til vidare med maleprosjektet!

    SvarSlett