mandag 30. mars 2009

Sølve sin dag

Heile familia mi samla på eit brett:-) Sølve feira 8-årsdagen sin. HIPP, HIPP HURRA!!!

8 lys på kaka, og sjølvsagt er det fadderen, tante Lena, som skal halde kaka når lysa skal blåsast ut. Ein skikkeleg tøffing med hendene godt planta i lommene:

30.03.09 010

Lego er det store for tida. Når alderen er nokså lik, så kan alle vere med å leike. Litt misunning var det nok, men det gjekk over etterkvart.

30.03.09 012

Amalie, tantejenta mi og vesle Victoria. For ei herleg kontakt det var mellom dei to og så flink som ho var til å halde:-)

30.03.09 013

Enda ei tantejente, Miriam. Henne er eg fadder til. Ho er 12 år. Ei skikkelig kjekk jente, som skal vere med oss på tur i sommar. Ikkje noko å seie på kontakta mellom henne og Victoria heller. Ho måtte reise litt før vi andre sidan ho skulle på TALENTSAMLING  i fotball. Eg har sett henne på fotballbana og ho er skikkeleg flink. Trur ikkje ho har det etter mora:-)

30.03.09 007

Her har vi 18-åringen i familia, henne er eg også tante til. Lena meinte at det rasla nokså mykje i eggstokkane hennar. Stakkars Marius, kjærasten, måtte berre finne seg i å verte småmobba:-) Ho held på å utdanna seg til frisør og skal forhåpentlegvis ut som lærling til sommaren.

30.03.09 008

Elsie, svigerinna mi og Sebastian. Ho skal verte bestemor til hausten. Eg veit omtrent korleis det kjennast:-)

30.03.09 009

Lena, mor til Amalie og systra mi. Her har ho ei skikkeleg kosestund saman med Victoria.

30.03.09 011

Victoria hadde med seg bærebag, men den fekk vi ikkje bruk for. Ho gjekk frå hand til hand. Alle var like ivrige på å få halde:-)

30.03.09 017

Pappa i full konsentrasjon om bloggen min. Han har ikkje eiga datamaskin, men det kan nesten sjå ut som om han er "moden" nok for det no:-) Litt fleiping vart det også, om den dagen han får seg profil på facebook.

30.03.09 015

Ei samansveisa familie. Alltid like kjekt når vi får høve til å treffe kvarandre.

Klem frå Wivi

2 kommentarer:

  1. Hei:0)
    Så koseleg innlegg du har her:0) Dersom du skal forandre innlegg gå inn i Windows live writer. På høgr side ser du RECENTLY POSTED der fin du innlegga dine. Klikk på det ønska innlegge... så der det berre å forandre og publisere. Når det gjeld fargar må du gå på bloggen din og logge deg på. Så TILPASS. Der ser du, under fanane, SKRIFT OG FARGE:0) klikk der. Rull ned til FARGE PÅ INNLEGGSTITTEL og forandre farge:0) Håper det hjelper. Smil til deg

    SvarSlett
  2. Koseleg med famileselskap der alle er samla! Ein staut kar, bursdagsbarnet, godt at han er så stor at han toler å dele merksemda med siste skot på familiestammen! Det er vel ikkje til å unngå at eit sånt lite nydeleg nurk går frå arm til arm og skal haldast og kosast med av alle. Godt då at storebroren hennar var der og kunne bygge lego saman med hovudpersonen. Koselege bilete og artig at faren din følgjer med på blogginga di:)

    SvarSlett