fredag 6. mars 2009

Det vart ei prinsesse!

For ein stor dag. Det fins nesten ikkje ord. Ei fantastisk lita prinsesse vart fødd på Volda sjukehus klokka 9.13 i dag. Ho vog 2970 gram og var 48  cm. Vi er to rørte besteforeldre som har tatt til tårene fleire gongar i dag. Noko meir fantastisk kan vel ikkje skje.

prinsessa 025

Tenk å få lov til å vere besta og besten til denne lisje prinsessa. Ho er ei keiserinne. Tidspunktet var bestemt på førehand, men det gjer ikkje gleda mindre for det.

prinsessa 031

Ei stolt og rørt mamma, som har gått med henne i magen i ni månader. Godt å få lov til å helse på, halde rundt, kose og klappe på. Endelig er ho komen til verda. Endelig kan vi få lov til å sjå og verte kjent med henne. Du er ei fantastisk mamma cathrine. Vi er så glade i deg, og ikkje minst stolte av deg.

prinsessa 026

Pappaen er ikkje mindre stolt. Tenk Frank Robert at no er du pappa til to. Ein prins og ei prinsesse. Omsorgsfull, leikande, snill, arbeidssam og ikkje minst ein god pappa. Gla i deg guten vår og tusen takk for at de har skjenka oss to herlege barnebarn.

prinsessa 028

Og så storebroren då Sebastian. Sjå berre kor godt dei to passar samen. "Det er mi si" sa du. Ja, Sebastian det er di si lisjesyste dette. Di og ingen andre si. Vi veit at du kan vere omsorgsfull du også. Veit at du er opptatt av at andre har det godt. Vi veit at du vil vere der og gi henne kos når det trengs. At du vil trøyste når ho har det vondt. "Ej he litt tåre ej" sa du. Det var fordi du var glad fordi du hadde fått den mest fantastiske systa i verda. Og at du er "faktisk gla i babyen" slik som du sa.

prinsessa 029

Det er eit under som har skjedd i dag. Sjå kor vakker ho er. Ei bittelita nase i eit anlet som søv fredfullt utan bekymringar. Bitte små fingrar med endå mindre negler. Eit blikk, som er så djupt. Det er som om ho undrar seg på kva verd ho er komen i.

Håper livet vil vere snilt med deg vesle barnebarnet vårt.

Tusen takk Cathrine og Frank Robert for at de har gitt oss to fantastiske barnebarn. Tusen takk for at vi får ta del i kvardagen deira.

17 kommentarer:

  1. Børge og Ann Kristin6. mars 2009 kl. 23:45

    Gratulerer so mykje med lisjepia,stolte besteforeldre e dokke fra før men det blir vel ikkje mindre kosing no

    SvarSlett
  2. Tusen takk til begge to. Ja, det vert nok masse kosing framover og vi kjenner oss heldige som får ta del i noko så stort.

    Husk pass til Miriam:-)

    SvarSlett
  3. Hei hei:0)
    Gratulerer så mykje til dokke besteforeldre. Eit flott innlegg du har laga, og eg tenkjer Sebastian er stolt storebror. Nyt prinsessa.
    Kjempesmil frå Lill

    SvarSlett
  4. Hei ! Gratulerer!! Kor søte ho va da<3
    Gleda mej til å sjå ho:)

    Klem Fra Miriam!!

    SvarSlett
  5. Ja No he no han oldefar til lisjepia vore å sett inn på her!!

    SvarSlett
  6. Gratulerer med lisje prinsessa :-) !!!
    Kato kjem snart så vi kjem heilt sikkert til å ta ein tur. Gratulerer også til Sebastian--ein snill og stolt bror.

    Elsie

    SvarSlett
  7. Kor kjekt det er å sjå at slekta er innom og ser på prinsessa vår. Det er kjempekoseleg med besøk:-)

    SvarSlett
  8. Grattis til dåkke begge to :) Ikkje so lurt å lese ditte før ej skal skjære løk då, hehe
    Ho e kjempesøte, å ej las alt sammen til Amalie. Kor søte han Sebastian e sa ho, so trilla tåre. Vi gleda oss til å få treffe na :)

    Klem frå oss alle tre på Hareid

    SvarSlett
  9. Ho er no ikkje så verst prinsessa på Hareid heller då:-)

    Kjenne til deg, du kunne nok ikkje la vere å få tåre i augene du heller. Skal dokke innover på besøk?

    SvarSlett
  10. Gratulerer så myjke med den vesle prinsessa. Det må vere stort å verte bestemor. Dei er så små og sjøre desse nyfødde, godt at ho har mange tundt seg som kan verne om henne og passe på.
    Ønskjer deg lukke i bestemorrolla.

    SvarSlett
  11. Kjære Besta til to,
    til lukke med barnebarnet, nydeleg er ho, og vakker er presentasjonen du gir av henne!

    SvarSlett
  12. Kjære Besta til to,
    tillukke med barnrbarnet, nydeleg er ho, og vakker er presentsjonen du gir av henne!

    SvarSlett
  13. Kjære Besta til to,
    tillukke med barnebarnet, nydeleg er ho, og vakker er presentasjonen du gir av henne!

    SvarSlett
  14. Å , for eit nydeleg innlegg du har laga. Gratulerer så mykje igjen :) KOs dej me dissa deilige ungane, tida går så fort når dei er små.

    Klem

    SvarSlett
  15. Gratulerer med ei flott og fin prinsesse!!
    Kos deg og nyt det!

    SvarSlett
  16. Gratulerer stolte besteforeldre

    Det er tydelig at dere svever på en sky av lykke no og eg håper dere forsetter med det. Vi kommer innover så snart eg kommer hjem fra jobb. Gler meg til å se både lisjesøster og storebror.
    Kato

    SvarSlett
  17. Ja, vi er nok langt oppe i skyene begge to. Dette er rett og slett stort å oppleve. Lena og Amalie har vore her i dag. Skal prøve å få lagt ut eit nytt innlegg i løpet av helga:-)

    Kjekt at dokke vil ta dokke ein tur innover. Vi gler oss til det.

    SvarSlett