lørdag 14. mars 2009

Kan ein egentleg ha det betre?

Ei travel arbeidsveke er unnagjort. Det har vore lite tid til å lage innlegg på bloggen, men eg kjenner at det klør i fingrane etter å få dele denne veka med alle dokke som ser innom her.

Søndag var vi og besøkte prinsessa på sjukehuset. Alt var vel med både mammaen og veslejenta.

14.3.09 021

Her får eg halde henne i hendene for første gong. Eg kunne kjenne at det var god kontakt. Så utruleg deilig at ho var våken og eg kunne sjå det herlege blikket hennar.

14.3.09 027

Besten fekk også halde. Heilt spesielt å kjenne kor lita og tander ho er. Då er det godt å ha ei sterk og varm hand rundt seg.

14.3.09 019

Mamma sine hender er nok dei ho likar aller best å vere i. Dei er så trygge og varme.

14.3.09 029

Så liten, så god og varm, så nydelig og så utruleg avhengig av å ha andre rundt seg.

14.3.09 030

Heimkomen og trygt plassert i vogga som "onkel Roger" laga til Sebastian då han vart fødd.

14.3.09 032

Klart at Amalie må få halde. Amalie er tantejenta mi, som kom til Hareid då ho var 1 år og 8 månader. Eg er så heldig at eg får vere fadder på henne. Glad i deg jenta mi.

14.3.09 034

Vi skal nok få mange fine stunder i lag vi to veslejenta. Eg skal nyte kvar ei stund eg får ha saman med deg. Eg skal ta vare på dei vakre stundene.

prinsessa 005

Rockeren Sebastian. Den stolte storebroren som vi er så glade i. Ikkje heilt tilfeldig at han ville ha meg med til datamaskina. Han ville vise meg noko. Eg må seie eg var spent då:-) Han logga seg inn på you tube og begynte å skrive noko på søkelinja. Eg spurde kva det var han skulle skrive, men eg vart avfeia. Dette skulle han ordne opp i sjølv.

prinsessa 007

Til slutt hadde 5-åringen skrive "rakaraker" Som lærar så skjønte eg med ein gong at det var raga rockers han ville skrive. Ei stolt besta konstanterte at han var fint i gong med lydering:-)

prinsessa 010

Kassegitar er også stilig å spele på. Han skal spele i band når han vert stor, seier han. Besten skal visst vere med i bandet:-)

prinsessa 016

Stor gut som greier seg sjølv i dusjen.Kveldsstellet går som ein leik.

prinsessa 023

Ei lita kosestund framfor akvariet saman med Julio.

prinsessa 024

-og sjølvsagt må det teiknast og skrivast litt til besta og besten før han finn puta si:-)

Er det noko rart vi er stolte når vi har så flotte barnebarn?

6 kommentarer:

  1. Børge og Ann Kristin14. mars 2009 kl. 21:41

    Vi kjem innover ein tur i morga for å sjå på lisjenurket,blir kjekt å treffe dokke alle igjen:)

    SvarSlett
  2. Ja, eg hadde ei viss aning om at dokke ikkje greidde å vente lenger:-)

    SvarSlett
  3. Vi kjeme i mårga:-D
    Det gler ej mej til;-D

    SvarSlett
  4. Får satse på berre eitt eksemplar av kommentaren min denne gongen:
    Nei, det er ikkje rart at de er kry!
    Koselege bilete av både veslejenta og besteforeldra og den meir actionfulle storebroren. Takk for oppmuntrande kommentar på bloggen min, har etterkvart leita meg fram til litt av mulegheitene som finns for å gjere bloggen finare. Ha ei god helg, og ei fin arbeidsveke.

    SvarSlett
  5. Prinsessa e den søtaste Amalie nåken gong he sett,seie ho :) Å ho va heilt skjønn. Glar oss til å treffe ho igjen :)

    SvarSlett
  6. Så koseleg å sjå dokke med bornebornet:0) Nydeleg prinsesse. Blir mange kosestunder no framover:0)) Borneborn er gull verdt, og heldige dokke som har dei nær.
    Smil til deg frå meg

    SvarSlett