søndag 1. mars 2009

Ein herleg dag:-)

Åh, for ein herleg dag. Vi fekk låne Sebastian og ta han med på tur. Veret var nok ikkje av det beste slaget, men gode kle har vi nok av.

Vi tok turen til Rjåneset. Der var det litt mindre regn enn på Vartdal. Hadde tatt med pølser og deig til pinnebrød. Men så var det å få fyr på bålet i stiv kuling, ikkje den lettaste sak i verda akkurat. Med list og lempe så gjekk det bra likevel. Måtte nok avbarke litt tre rundt omkring, men prøvde å vere snille med trea slik at dei ikkje tok skade.

Så var det tid for å lage spiddepinnar.

1.3- 09 013

Fram med kniven og tunga beint i munnen.

1.3- 09 014

Ikkje noko problem det for ein stor kar på 5 år.

Så var det å leite opp deiga til pinnebrødet. Besten har ikkje sett slikt før han, men så har han heller ikkje gått i barnehagen slik som oss andre to.

1.3- 09 015

Spiddinga hadde vi full kontroll på. Kan godt ha på vottar sjølv om ein held ein pinne over bålet.

1.3- 09 018

Mmm, det smakar nydelig. Godt med mat ute i blæsten. Alt smakar godt då:-)

Deretter var det tid for andre aktivitetar. Vi måtte sjølvsagt erte båra. Mamma hadde sagt at om vi bada, så ville vi få husarrest, men vi bada ikkje altså, vi berre erta båra litt vi:-)

Bilde002

Bittelitt blaut på føtene, men kva gjer vel det når ein held seg i aktivitet.

Bilde006

Herleg latter når besta måtte røme unna for å ikkje verte blaut.

Området rundt måtte også undersøkast. Gøyme og leite var ein kjekk aktivitet. Men det hald på å gå gale for Sebastian vart redd for at han hadde mista besta. Slik er det når ein kanskje er enda meir leiken enn 5-åringen:-)

Så var det aktivitet på steinane rundt omkring. Måtte hoppe. Det hadde vore skihopp på TV, og Sebastian kunne ikkje vere noko verre enn desse han hadde sett før på dagen. Det var berre å ta seg rennfart:

Bilde010

-og hoppe seg avgarde. Det er alltid nokon som passar på at det ikkje går gale.

Kvifor må det vere sommar og sol når ein kan ha ein slik herleg dag i kuling og blæst?

Ikkje lett å avslutte ein slik dag:-)

2 kommentarer:

  1. So kjekt dokke he d :)

    Ja, ferien over for denne gong og d gjekk jammen fort:)

    Heldigvis ikkje lenge til lysare tider:)

    Ta testen du også då:) Kopier frå min og visk ut:)

    Ser dej i morga:)
    natta

    SvarSlett
  2. Hei Hei
    For ein herleg dag dokke har hatt saman med Sebastian:0) Grilling og leik er tingen for ein guttepjokk:0)) Ha ein flott dag.
    Smil til deg

    SvarSlett