fredag 27. mars 2009

Besøk på morgonkvisten

Vakna av at telefonen ringte i dag. Det var Frank Robert som lurte på kvar eg var. Han og Sebastian hadde sykla til barnehagen og no ville han gjerne innom ein snartur. Eg var ikkje sein til å slenge føtene ut av senga og kome meg ned i kjøkkenet. Eg sette på kaffekjelen, (eg kokar fortsatt kaffeen på kokeplate ja) og tok meg ein varm og nykokt kopp med kaffe.

Det gjekk ikkje lange stunda før dei dukka opp utanfor døra. Alltid kjekt at nokon stikk innom ein tur. Victoria låg i vogna og sov så uskuldig, mens mammaen fekk lov til å ligge litt frampå i dag.

Sjølv skal eg vere heime i ein månad. Tok ein liten operasjon i går og må passe meg for å løfte tungt. Eg spurde sjølvsagt om veslejenta var for tung til å løfte, og det var ho ikkje:-)

Før eg reiste til sjukehuset, fekk eg ordna meg med eit lite strikk. Ja, det er lite og rosa sjølvsagt. Er komen godt i gong med det, det er alltid spennande å begynne på noko nytt. Ventetida på sjukehuset vart kort når eg hadde strikket mellom hendene.

3 kommentarer:

  1. Hei, kjekt å høre frå deg, takk for hyggeleg kommentar:)
    Vil berre ønskje deg god rekonvalesens, kos deg med familien og strikketøyet. Håper det blir godt vårver så du får sitje mykje ute i sola. God helg!

    SvarSlett
  2. Kjekt med kaffibesøk på førmiddagane,d likar ej også godt ;)

    Veldig god film i går...timane berre flaug !

    Ønskjer deg god betring og er du innafør må du stikke opp på ein kaffi ein dag, ej he no fri onsdagar :)

    God helg til dej og Hans Petter!

    SvarSlett
  3. Hei:0)
    Rosa strikk ja, klart du må ha det no:0) til lisje prinsesa dokka. Så kjekt å få besøk på morgokvisten, dokke er flinke å kose dokke med borneborn. Ha ei super helg. Og take care og hugs å ikkje løfte for tungt.
    Smil til deg

    SvarSlett