lørdag 2. mai 2009

Jakt og fiske:-)

1. mai, ein dag med strålande solskin som gav varme til både kropp og sjel.

Vi fekk besøk av Victoria og Sebastian. Det er alltid like kjekt.

Det som stod på programmet denne dagen var jakt og fiske. Sebastian kom springane inn på kjøkkenet til oss med ei stor bøtte i handa. Vi lurte sjølvsagt på kva han hadde føre no:-)

26.04.09 012

Oppe i bøtta kravla og kraup det av små innsekt. Biller, edderkopper, makkar, skrukketroll og sneglar med hus. Han hadde vore på jakt. Sjølvsagt måtte vi ut og jakte meir. Det er spennande å leite mellom steinar, under heller og i busk og kratt.

Så kom besten på at dei måtte fiske også. Fram med fiskestengrene, på med redningsvesten og rett på kaia for å fiske. Vi jentene vart att heime, men vi kunne sjå korleis dei kosa seg nede på kaia. Kven som koste seg mest, er ikkje godt å seie:-)

Fangst vart det også. Telefonen kima og Sebastian kunne fortelle at dei hadde fått ein sei som var mellom 30 og 40 cm. To gongar til kima det, så det vart tre seier.

"Sei er det beste eg veit" sa guten. Om det haldt seg oppe til kvelden, er eg ikkje så sikker på, men med to kattar i hus, så vart det nok eit herremåltid...til ein kvan.

26.04.09 013

Sjølvsat må fiskaren gjere opp fisken. Ein ivrig og arbeidsam gut tok fatt på jobben. Først av med hovudet.

26.04.09 014

Så måtte besten hjelpe til med å sprette den opp, før Sebastian kunne fjerne innmaten. Ikkje mykje kresen nei:-)

26.04.09 016

Ikkje så farleg om ein får litt fiskeblod på hendene.

26.04.09 018

Til slutt kan ei lita hand fjerne sporen:-)

26.04.09 021

Desverre var batteriet til fotoapparatet utlada, så eg fekk ikkje tatt bilder av det nydelege smilet til Victoria. Då eg hadde fått nok straum sov ho så godt, men dette skal vi nok få tatt igjen.

2 kommentarer:

  1. For ein heldig kar Sebastian er! Får vere med på alt - også bruke kniven når fisken skal stellast. Godt at de har nervar til slikt, og det finns no alltids plaster om kniven skulle gleppe litt...
    Takk for kommentar hos meg, når det gjeld pilgrimsferda så er planen å gjere unna resten i sommar. Eg kjem heilt sikkert tilbake med meir, både om den delen vi har gjennomført og om det som står att, problemet er faktisk å avgrense skrivinga. Ønskjer deg og dine ei god fortsetjing av helga.

    SvarSlett
  2. Stua ble kjempefin!
    Og Sebastian har noen kreative dager og ser ut til å ha blitt en duganes gutt og vokst på rollen som storebror han
    Ha ei fortsatt god helg!!

    SvarSlett