søndag 3. mai 2009

Ei kosestund saman med Victoria:-)

  Det går ikkje lange stunda før besta klør i heile kroppen etter litt babykos. I går var det ein slik dag då eg kjende meg utolmodig og berre ville kose. Men så var det slik då at familia var på tur, og eg kunne ikkje akkurat reise etter. Så eg sende ei melding på telefonen om at eg gjerne ville vite når dei var heime att.

5 minutt etter at dei var heimkomne, var vi på plass, både besta og besten. Hmm...lurer på om det kan vere plagsomt?

I alle fall, Victoria svikta ikkje, ho gav oss ei strålande stund med store gode smil:

26.04.09 022

26.04.09 029

26.04.09 027

Det er litt vanskeleg å fange dette smilet med kamera, men eg har ikkje tenkt å gi meg.

26.04.09 025

Besta fekk kose....

26.04.09 030

-og besten også:-)

Sebastian var også der. Han ville vise triks på trampolina. Salto er det store for tida. Han hadde vore på Vartdalstrancup i friidrett før i veka og snakka mykje om at han hadde tatt salto i lengdegropa. Har han misforstått noko skal tru?

I dag ville han også vise oss kor flink jan har vorte på rulle brett.

26.04.09 031

Berre han no ikkje begynner å ta salto på rullebrettet også, det veit eg ikkje om besta tåler.

I dag skreiv han forresten si eiga handleliste. For ei lærarbesta er det kjekt å sjå korleis han lyderer.

skann

Ikkje alt er like lett å tyde, men når ein har litt trening så klarar ein det.

ben10klokke

honnikorn

og ikkje minst smågodt...legg merke til korleis han har skrive det det ordet, det gjeld berre å halde seg alvorleg når ein les....ikkje sant?

Det kjekkaste av alt, er at han gjer det heilt sjølv, kun ved å lydere:-)

Smil frå ei stolt besta:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar