torsdag 28. mai 2009

Har vore borte ei stund:-)

Det er ikkje det at eg ikkje har hatt lyst til å lage nye innlegg, men eg har vore vekkreist i ei veke. Saman med gode venninner reiste eg til Tyrkia 18 mai. Eg sa heile tida at eg skulle på knisetur, men trur eg tok feil. Det vart slettes ikkje knising, men latter. Masse latter. Du og du så mykje moro ein kan få ut av nesten ingenting. Oversettinga frå norsk til engelsk, var nok det som skapte mest latter. Nokre gongar vart det berre heilt feil og det gjorde damene lattermilde ja:-)

Ellers var vi på "hamam", det vil seie tyrkisk bad. Dette gjorde vireleg godt for kropp og sjel. Rett og slett deilig å verte stelt med. Eg besøkte også frisøren og fekk full pleie. Klipp, farging og fjerning av uønska hår. Det beste av alt, det kosta nesten ingenting:-)

Masse sol, varme, bading, god mat og vin. Kan ein ha det betre?

Tusen takk Anne Lise for at du inviterte oss med!

I dag har eg i tillegg fått min første award:

Eg fekk den av Strikkebesta i bloggverda. Rett og slett fordi eg delar litt av kvardagen saman med barnebarna mine med henne. Tusen takk:-)

Til helga vert det barnedåp. Vesle Victoria skal døypast. Ho er ei herleg lita jente no. Det er så inderleg godt å sjå det nydelege smilet ho gir i frå seg. Dåpskjolen har mi mor hekla, og Frank Robert var den første som var døypt i den. Eg skal ta bileter og legge ut ved eit seinare høve.

4 kommentarer:

  1. Hei, kjekt å ha deg her igjen! Så herleg å lese om jenteturen du har vore på, tydeleg at du har kosa deg! Lukke til med barnedåpen i helga, skal bli kjekt å få sjå bileta!

    Det følgjer nokre reglar med awarden du har fått, tenkte det var best å kopiere dei til deg.

    Regler for denne award er:

    1. Kopier utmærkelsen til din side.
    2. Link till den som gav deg denne.
    3. Gi awarden videre til andre bloggere.
    4. Link till disse fra din blogg.
    5. Legg beskjed til deres blogger,at du har noe til dem.

    SvarSlett
  2. Hallo! Du slepp ikkje unna tagging du heller, berre sjekk på bloggen min, men det er frivilleg, altså:)

    SvarSlett
  3. No he no ej fått pass !-D
    Teller ned dagane <3<3

    SvarSlett
  4. As claimed by Stanford Medical, It's indeed the ONLY reason women in this country get to live 10 years longer and weigh 42 pounds lighter than we do.

    (And by the way, it has totally NOTHING to do with genetics or some secret-exercise and absolutely EVERYTHING related to "how" they are eating.)

    BTW, What I said is "HOW", and not "what"...

    CLICK on this link to reveal if this brief test can help you unlock your real weight loss potential

    SvarSlett