søndag 10. mai 2009

Er dette pedagogisk då?

Oppussinga av gangen er i gong ja, men det går veldig seint. tida har mest vore brukt til å rive ned, ikkje til å byggje opp.

Har hatt besøk av Sebastian, og då måtte vi finne på noko kjekt. Kanskje han kunne måle i gangen?

9.5.09 012

Tja, så mykje måling vart det nok ikkje, men han fekk då ta fram skrivekunnskapane sine.

9.5.09 014 

Det vart skrive oppover og nedover på veggane.

Fargerikt vart det nok....

9.5.09 013

-og kjekt var det nok å halde på med dette....

9.5.09 015

-spennande å få lov til å halde på ein stad der ein vanlegvis ikkje gjer...

-men om det er så veldig pedagogisk, er eg ikkje så sikker på?

Får berre håpe eg ikkje har lært guten unotar.

5 kommentarer:

  1. Må jo ha vært en opplevelse for gutten - tenk så morsomt!

    SvarSlett
  2. Så morsomt dere har hatt det da.
    Jeg tror ikke det er dette som kommer til og ødelegge oppfattelsen av hva som er rett og galt for den kjekke gutten Sebastian nei, han har jo fiskestanga og ta fatt i når hans forbilde Besten er ferdig med gangen tenker jeg.
    Takk for koselige innlegg i min blogg,du spør hvor jeg bor i Nord Trøndelag.
    Jeg bor i Verdal komune, og på bildet står jeg på Skånestangen i Levanger komune og ser over sjøen til Verdal med Aker Verdal i forgrunnen.
    Ha ei fortsatt koselig helg.

    SvarSlett
  3. Tja, pedagogisk og pedagogisk ... men KJEKT, ja! Det er så fint med digitale kamera at vi knipsar i veg og dermed får teke vare på artige episodar i større grad enn før når filmen måtte sendast inn til framkalling.
    Det er no artig å sjå kor guten førebur seg på det som kjem etter sommaren, ser ut for meg (pedagog som er er)som Sebastian er spenna klar til å begynne på skulen.

    SvarSlett
  4. Ikkje veit eg så mykje om pedagogikk, men dette såg då kjekt ut! Han fekk vel forklart at dette ikkje er noko ein gjer til dagleg;)
    Ynskjer deg ei fin veke!

    SvarSlett
  5. Hei, lenge sidan du har gitt lyd frå deg, men det har vel si gode forklaring. Vil berre fortelje at eg har ei overrasking til deg på bloggen min i dag, håper du ikkje har noko imot det:)

    SvarSlett