søndag 26. april 2009

Stova er ferdig, og har starta på gangen:-)

Fredag var det innflytting i stova att. Det tok litt tid denne oppussinga, men du så deilig det er å vere ferdig.

23.4.09 009

23.4.09 010

23.4.09 011

Det ferdige resultatet ser slik ut:-)

Ja, eg vart fornøgd.

Det som skjer når ein pussar opp, skjedde denne gongen også. Måtte sjølvsagt kjøpe nye gardiner. Har ikkje fått dei enda, men dei kjem nok etterkvart. I tillegg føler eg at ikkje alt passar inn på veggane, så eg er litt på vent med å plassere bilder. Vil liksom ha ein slags heilskap i det:-)

Denne helga har gått med til å rive ut av gangen. Alle lister og gulvet er fjerna...-og brent:-)

26.04.09 001

26.04.09 003

26.04.09 004

26.04.09 007

Hadde sjølvsagt med ein god hjelpar under bålbrenninga.

I dag har forresten det store skjedd. Hans-Petter starta motorsaga inne. Han har fjerna ein del av veggen der kjøkkendøra var, og det gjorde han med motorsag!!!!!

Det vart sjølvsagt støv og eksos over heile kjøkkenet. Ja, eg er nokså tålmodig av meg, og gredde faktisk å le av heile greia:-)

Smil frå ei støvete besta:-)

Må skunde meg å tilføye ein kommentar til det innlegget eg hadde før dette. Det er Victoria som har vorte god og rund, ikkje mora.

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med vellukka oppussing av stova. Er imponert over at de går direkte i gong med eit nytt prosjekt. Ser at Sebastian er ivrig når det skal lagast bål, rart dette, at eld er så fascinerande for så mange born. Og bra at du kom med ei presisreing vedrørande forrige blogginnlegg, må ikkje risikere å fornærme svigerdattera:)

    SvarSlett
  2. Hei, vil berre presisere at eg meinte å skrive presisering på kommentaren min:)
    Ha ei god arbeidsveke!

    SvarSlett