lørdag 28. februar 2009

Eg har vore bloggar ein månad no

Ein månad har gått i bloggverda. Den første tida sleit eg fælt med utforminga. Brukte nok fleire timar på å finne ut av korleis eg skulle finne ein fin bakgrunn, korleis eg skulle endre på skrifta og korleis eg kunne redigere bilder. Fortsatt er det nok ein del som står att å lære. Eg kunne tenke meg å ha litt finere overskrift til dømes, men det kjem vel etterkvart vil eg tru.

Eg har i alle fall laga 15 innlegg, fått 6 følgere, fått fine kommentarar og nesten 1000 besøkande. Alt dette er nok litt uventa, for dette var fullstendig nytt for meg då eg byrja å blogge. Om alt er like interessant å følge for andre, er eg nok meir usikker på, men eg får tatt vare på gode minner, bilder og teikningar. I tillegg har eg vorte meir bevisst å ta bilder. berre det gjer at eg vil fortsette videre. Så får eg sjå då, korleis bloggen utviklar seg etterkvart.

Neste steg vert vel å få ein litt meir utfyllande profil. "Mest besta på bloggen" seier liksom ikkje så mykje om meg som person. Kanskje eg også vil legge ut fleire bilder etterkvart.

fredag 27. februar 2009

I dag er eg stolt:-)

Etter å ha lese i Møre-Nytt og i bloggen til Tove om vesle Olai som fekk snudd livet på hovudet begynte eg å tenke over korleis eg kunne vere med å bidra til at han og familia hans kunne få det betre. Sjølvsagt kunne eg som privatperson betale inn ein sum på kontoen, men eg fann ut at eg ville prøve å gjere noko meir ut av det. Så eg tok kontakt med Ørsta/ Ørstenvik Lionsklubb, der eg er medlem. Einstemmig gjekk vi inn for at vesle Olai skulle få 10 000 kroner. Kanskje kan det gjere kvardagen for han og foreldra litt enklare. Ja, eg er stolt av å vere medlem av ein klubb som kan innvilge såpass til ein herlig liten tass.

 

torsdag 26. februar 2009

Min kjære undulat

Har forstått det no. At Hugo skal leve og bu her hos oss, sjølv om eg har høyrt at det er nokre fuglar der ute som ikkje er heilt einige i det. Sterke krefter jobber med at han skal kome i den heimen han var tiltenkt, men besta har nok forstått teikninga og resignert.

Han oppfører seg som den herremannen han er, gjer ikkje ei fluge fortred, trur eg i alle fall. Ikkje rotar han mykje og ikkje syng han meir enn at han er til selskap.

undulat 2

Det merkelege er at i dag , då eg hadde besøk av sebastian, så kvitra han meir enn han brukar å gjere. Kanskje han har forstått at om han bråker mykje under besøk, så vil ikkje Sebasian ha han? For det var nettopp det som skjedde. Guten meinte at det var eit fole til bråk på Hugo og det måtte vel finast ei løysing for å få han still....

Så sit eg her då....med ein fugl som kan verte 8-10 år gamal. Dokke der ute som jobbar med saka, eg veit at dokke er der. Har dokke også resignert?

 

søndag 22. februar 2009

Nye teikningar, nye opplevingar:-)

Har hatt besøk igjen vi, og sjølvsagt måtte det teiknast litt til. Det går visst i båtar for tida:-)

skann0002

Mange detaljar og mange fargar. Klart det er kjekt å ta vare på.

Ein liten flygetur med besten vart det også. Sjølv om han har vorte 5 år, så har han ikkje vorte for stor til skiflyging. "Reimane" vart godt festa før turen starta. Han har nok fått med seg kva dei virkelige skihopparane gjer.

morsdag2009 016

Snakk om å kose seg:-)

Eg las for to-tre år sidan om ei dame som laga smykker av barneteikningar. Kan ein få noko flottare rundt halsen.

skann0003 

Tenk om denne kunne vore laga om til eit smykke og henge i eit sølvkjede rund halsen til besta:-)

TUSEN TAKK SEBASTIAN

onsdag 18. februar 2009

Sebastian på lån:-)

Jippi!!!! I dag har vi fått låne Sebastian ei stund. Det vart ei skikkelig kosestund. Gode minner å ta vare på.

18.02.09 040 

Vi teikna og spelte sjakk. Det er forresten merkelig kor fort han tek reglane. Sist vi spelte, var det berre fjusk og fanteri, men i dag hadde han full kontroll på korleis han skulle flytte og korleis han kunne slå ut andre. Kvar er det han har det i frå tru?

18.02.09 048

Så måtte besta sitt gamle koppeservise takast fram. Tenk at det er rundt 40 år gammalt. Egentleg er ho litt redd for at det skal verte skada på nokon måte, men det er så rart med det, ein gjer gjerne meir for barnebarna enn ein egentlig har tenkt:-)

18.02.09 051

Flink til å servere og flink til å dele.

18.02.09 045

Og sjølvsagt den beste og varmaste klemmen ein kan tanke seg.

Til mammaen og pappaen: Vi vil gjerne låne fleire gongar, det er like kjekt kvar gong, og gjer kvardagene rike:-)

mandag 16. februar 2009

Måndag og ny veke:-)

Den siste veka før vinterferien er godt i gong allereie. Tenk at det allereie snart er helg. Det kjennast ut som om det er berre måndagar og fredagar i veka.

Hugo bur fortsatt her. Er eg då adoptivmor skal tru? Eller er det eg som er den rette mora? I alle fall kvitrar det både inne og ute om dagen.

Lill har kome med ei lita utfordring i bloggen sin og den tek eg på strak arm. Kanskje kan eg vinne konkurransa hennar om du trykker på linken:-)

Ellers ser eg veldig fram til helga, då vert det ålesundtur og show med Anne-Cath. Deilig middag på XL og sjølvsagt vert det også overnatting. Fin julepresang. Tusen takk.

lørdag 14. februar 2009

Papegøye, vere eller ikkje vere?

 

undulat 2 

Tenkte eg skulle overraske Sebastian skikkelig denne gongen. Han hadde då spurt så fint om eg ikkje kunne kjøpe ei papegøye, og han er ikkje så lett å stå imot. "Typisk besta", vil vel nokre seie Gjekk innom amfi og kjøpte ein undulat med bur. .

Det eg ikkje tenkte på, var at eg kanskje overraska litt for mykje. Det var nok ikkje alle som ønskte seg ein fugl i hus:-) Sebastian vart vel overraska nok, og kjempeglad. Fuglen har fått navnet Hugo og han sit der stille og roleg i buret sitt.

undulat

Det er berre det at buret er plassert i feil hus:-) Slik går det når ein handlar før ein tenker, eller skal eg heller seie tenker før eg handlar? I alle fall har det no kome ein ny familiemedlem i huset her. Det var vel uventa?

onsdag 11. februar 2009

Lærer, gi meg di hånd

Gi meg din hånd, lærer.

Jeg er ikke som jeg skulle.

Er ikke som du vil.

Forstyrrer i timene, skravler,

kommer med kommentarer

til ting du sier.

Er vel litt frekk enkelte ganger.

Du får klager på meg

Bråk i gangene ved inn- og utmars.

De sier jeg sloss i timene.

Doven? Ja, jeg virker vel slik.

Mye slurv i hjemmearbeidet.

Regneboka er ikke pen,

fettete og stygg

med mange feil.

Jo, jeg leser nok litt lekser,

Men ikke mye.

Det hjelper så lite.

Jeg får ikke noe inn i hodet.

Du sier jeg må konsentrere meg.

Ikke så lett det, lærer,

når en ikke er glad,

og når tankene flyr

som fuglene over hav

uten  kvist å sette fot på.

Stort å vere glad, lærer.

Da ville jeg ikke vert slik

som jeg er nå.

Ikke vær sint på meg, lærer.

Jeg mener egentlig ikke å være

vemmelig.

Gi meg din hånd, lærer,

en usynlig hånd, av kjærlighet.

Jeg venter ikke ros for prøver

eller for orden i skriftlige arbeider.

Men lyset i dine øyne,

det leter jeg etter,

det som jeg ser der

når de flinke får sine prøver

tilbake,

de med få eller ingen feil.

Gi meg litt vennlighet, lærer.

En hånd av kjærlighet,

fordi jeg er et menneske

med et hjerte som er tungt

bak en flirende maske.

Gi meg din hånd, lærer,

en utstrakt hånd av kjærlighet.

Av Magnus Midthjell

Eg er ikkje berre bestemor, men også lærar. Dette diktet fann eg ein gong og har det hengande på arbeidsplassen min. Innhaldet seier så mykje, og gir meg inspirasjon.

 

tirsdag 10. februar 2009

I koma, eller ikkje?

Tett før jul tok vi med Sebastian på teaterframsyning i Ålesund. Vi skulle sjå Jul i Skomakergata. I baksetet i bilen sat ein skravlande gut, som undra seg på dei utruligaste ting. Vi har vel mange gongar forundra oss på kvar han hentar alt i frå, og det er alltid like kjekt å lytte til det han fortel og spør om. Slik var det denne gongen også. Undervegs vart det slik at vi i framsetet måtte prate litt oss imellom også. Dermed vart vi aldri så lite uoppmerksame på "skvaldrekoppen".  Det neste vi høyrer bakfrå er: "Er dokke heilt i besvimelse eller?" Artig innslag i kvardagen  Og verdt å ta vare på.

morsdag2009 012

I dag lurte han forresten på om eg kunne kjøpe papegøye til han, for han hadde mista kanina si og trengte eit nytt dyr.

søndag 8. februar 2009

Morsdag med eit lite skråblikk

Fekk telefon i dag også. Sebastian hadde fått beskjed om å ringe meg for å gratulere med morsdagen, men han var opptatt av heilt andre ting. Han måtte berre klage til besta.

"Eg må skrive heile dagen besta", kom det med oppgitt stemme frå den andre enden av røret. Eg lurte sjølvsagt på kva det var som stod på.

"Pappa har sagt at eg må skrive heile morsdagen, og det vil eg ikkje."

Klart eg forstod. Pappaen skulle vere åleine heime medan mammaen skulle hjelpe til i ein barnedåp. Dermed vart sysselsettinga "enkel" for pappaen, trudde han. Sjølvsagt skulle guten lage morsdagskort. Men med ein bestemt liten herremann som ikkje lot seg styre, var det nok enklare sagt enn gjort. For han hadde rett og slett ikkje tenkt å skrive heile dagen.

Karane kom på besøk til middag, og sjølvsagt måtte besta få guten i gong med teikning. Det vart ein flott turistbåt med basseng, trampoline, tre kapteinar, ein katt, ein hund og sjølvsagt måtte det også vere med ein sel.

lørdag 7. februar 2009

Skal vi reise i tid?

Eg har "funne opp" ein leik som eg bruker mykje saman med Sebastian. Det starta heilt tilfeldig ein dag for ca. 3 år sidan. Han sat og kosa seg i fanget mitt og var svært så lyttande til alt eg fortalde. Eg kom på at vi kunne lage ei historie sjølve, vi to. Eg skaut opp med handa, som ei rakett, og spurde han om kvar vi var no. Han var heldigvis flink til å svare, og dermed var starten av fortellinga eit faktum. Eg spør videre, kven som er der? Kva vi gjer der? Kva dei gjer på? Slik held vi fram, eg spør og han fortel. Innimellom fortel eg litt kva vi har kome fram til. Står vi faste, "reiser" vi berre til ein annan stad.

No om dagen startar ofte turen på "Nipatrollet". Der er det vulkan...må eg forstå. Så vert vi skylde på sjøen av vulkanen. Der møter vi 120 fiskar som har dykkermaske på. Dykkermaskene står ikkje framover på fiskane, men peikar til kvar side....så sym vi videre, og fortelinga tek ikkje ende før han vert lei.

Trur dette har vore med på å stimulere fantasien hans, og også språket. Litt kjekt har det vore når vi har hatt besøk av venner som har vore "modige" nok til å site på det andre bestafanget og vere med på desse reisene. Det ser ut som om det fell i smak hos alle som vil vere med.

torsdag 5. februar 2009

Hjerteknuser

Tusen takk til Anne Grethe for at ho gav meg linken
til fotoredigeringa. No fekk eg sette Sebastian i ramme og det vart mykje flottere å sjå på.
Det er fortsatt mykje arbeid for å få i stand bloggen, men eg gir meg ikkje.

I dag har eg vore på møte på Soltjeld. Bygdeutvalget arrangerte, og no vert det start på utbygginga av gymsal på skulen på Vartdal. Starten går allereie i mai vart det sagt.

Det var mykje folk på møtet, og det som står i media om at bygda treng å mobilisere, er vel allereie i gong.

onsdag 4. februar 2009

Litt strev:-)

Her skal ein virkelig få prøve seg forstår eg. Ukjent som det er for meg, så går det meste av tida med til å leite etter korleis eg skal få orden på bloggen. Kunne tenkt meg ein annan bakgrunn, men finn ikkje ut av det no. Fann ein teljar og sette inn den, men er nok ikkje heilt fornøgd enda.

Det vart ikkje bading likevel på ty
sdag, pappaen ville vere med sjølv, og då er det berre å trekke seg stille tilbake:-)

mandag 2. februar 2009

Sebastian på telefonen

Det kima i telefonen, og det sjølvsagt midt under eit TV-program eg hadde tenkt å sjå. Det er ikkje mange eg ser i løpet av ei veke, så det var vel meininga at eg ikkje skulle sjå dette heller då. Kan ikkje akkurat seie at eg vart skuffa då eg løfta av røret, for i andre enden var Sebastian: Om nokon kunne vere med han på bading i morga, for mamma har så stor mage at ho kan ikkje bade. Klart vi vert med. Så kjem det frå han. "Kva er det som bråker slik med dokke?" "Det må vere TV-en" seier eg og legg til at dei bruker ikkje ha så høg lyd som oss. Då er det at svaret kjem promte: " Det er for at dokke har så tunge øyre det"

Slik fekk eg ei lita historie å fortelle i dag også. Det er desse små hendingane, eller gullkorna eg vil ta vare på og legge inn i bloggen.

søndag 1. februar 2009


Ei ny verd


Den nye verda eg lever i er ei bestemorverd, eller kanskje eg skal seie ei bestaverd? Det er ikkje nytt for meg å vere bestemor no sidan gromguten er 5 år allereie, men kvar ein einaste dag gir desse lysglimta. Det kan vere små handlingar eller ord som lysar så inderleg opp i kvardagen.


Å blogge, eller skrive ein blogg, er heilt nye tankar for meg. Har vore innom nokre lokale bloggar dei siste vekene. Dei har inspirert meg til og kanskje prøve. Eg veit fortsatt svært lite om korleis eg går fram i denne verda, men eitt lite forsøk skadar vel ikkje.

Då måtte det verte ein bestablogg, der eg kan skrive ned desse små hendingane i kvardagen. Tenkjer at hendingane må vere knytt til det å vere bestemor.