-kan vere så mongt:-)
No om dagen er eg vel mest oppteken av fargen på veggane i stova. Korleis vil dette verte til slutt skal tru? Vil møblane passe inn? Kan eg henge opp att det eg har hatt på veggane? Kan eg bruke gardinene, eller må eg til med nye? Det er ikkje så lett å sjå det føre seg korleis det vert før det er ferdig og eg skal setje alt inn att på stova.
Noko anna som verkeleg set farge på kvardagane er barnebarna. Har vel ikkje delt så mykje tid med dei som eg gjerne skulle denne perioda, men i går kom den eldste fargeklatten på besøk. Besten henta han og jammen var han ikkje kledd i malardress og klar for å ta i eitt tak.
Starta nede med målarkosten.
Stolt over at det var noko han kunne som lisjesysta ikkje kunne.
Arbeidde seg videre oppover i gardintrappa.
Og pynta til slutt det heile med rullen. Stolt og fornøgd med resultatet. Er det rart at han set farge på tilværet?
Vesle Victoria kom innom då storebroern var ferdig med malinga. Nok ein fargeklatt på besøk hos besta og besten. Ho veks og trivast og søv faktisk heile natta:-)
Sjølv har eg stått på litt dei siste dagane. Det er så spennande når veggane begynner å ta farge. Held no på med det siste strøket på veggane, så når dagen er omme håper eg på at eg har att berre siste strøket på listene.
Slik såg det ut i dag tidleg før eg begynte på siste strøket.
