tirsdag 7. april 2009

Søkk gjennomblaute, men kva gjer vel det?

Søndag hadde vi ei avtale med Sebastian om at vi skulle ta ein tur på sætra. Sidan han var eit og eit halvt år gamal, har vi tatt turar dit. Favorittstaden er Grytaelva. Vi har sagt at Grusomme Gabriel bur under ein stein der, men i år har Sebastian funne ut at det er berre tull. Han kan ikkje bu der:-)

Likevel er det mykje ein kan styre med på ein slik tur. Mange steinar kan flyttast og vi kan lage nye far for elva. I tilleg kan det vere kjekt å flytte litt på vatnet, frå ein stad til ein annan. Til det treng ein noko å ha vatnet i. Ein kaffekopp kan duge.

4.5.09 025

Poserer gjerne med eit smil når besta vil ta bilder.

4.5.09 026

Etter hardt arbeid er det godt å lage seg eit bål og spidde pølser. Om ein har med litt ved heimanifrå, er det lett å få fyr på bålet sjølv om det regnar trollkjerringar.

4.5.09 021

Bålet varmar og pølsene mettar.

4.5.09 024

Det er godt med ein pust i bakken, kjekt å høyre på når besta og besten fortel om kva dei forskjellige fjella rundt omkring heiter.

4.5.09 022

Ja, vi var søkk gjennomblaute alle mann, men likevel er vi så glade for å få lov til å kose oss på desse små turane våre.

Vi gjorde avtale med mammaen og pappaen om at Sebastian burde vere heime før seks om kvelden, men då tida var komen for å ringe og seie at han kunne hentast, så kom det frå guten "Vil ikkje dokke ha meg lenger no?" Snakk om å smelte eit bestahjarte. Klart vi vil ha deg Sebastian, så ofte vi får lov og så ofte du vil:-)

mandag 6. april 2009

Litt av eit fugleliv

Sebastian har fått ei forsiktig tilnærming til Hugo no. Han var nok litt skeptisk til å begynne med, men med litt list og lempe, så har han fått fuglen til å sitte på handa si.

4.5.09 027

4.5.09 028

4.5.09 030

Stolt gut som fekk det til:-)

Kanskje vert det ein annan dans for hugo etterkvart som han vert tammare. Klikk på lenka om de vil sjå:

Fugledansen?

Eller kanskje slik:

Litt mykje leven kanskje?

Ha ei retteleg god og aktiv påske:-)

Litt påskestemning frå helga:-)

Starten på påska var heilt fantastisk. Fredagen tok eg med meg strikket og ei kald ei på altanen, letta litt på antrekket og sat ute i over to timar. Fekk besøk av ei venninne også:-) Temperaturen var faktisk oppe i 16 grader.Kjenner at sesongen er i gong. Dette er den finaste årstida ein kan ha, utan tvil.

Laurdag kom undersåttande innom. Dei var på trilletur med Sebastian og Victoria. Fortsatt var veret herleg og Victoria fekk sitt første utemåltid.

4.5.09 014

Godt innepakka i masse kle og teppet som eg strikka og tova då Sebastian var like liten som ho er no.

Sebastian er nok meir av det aktive slaget. Han er høgt og lavt til ei kvar tid. Denne dagen var det syrintreet som skulle utforskast.

4.5.09 019

Høgt heng han, men sur er han i alle fall ikkje:-)

4.5.09 020

God påske til alle mine bloggvenner:-)

fredag 3. april 2009

På Bondalseidet...nydeleg dag

Sist veke var heile ungdomsskulen på tur til Bondalseidet på skidag. Det var ein nydeleg dag med sol i frå skyfri himmel. Slike dagar er berre herlege. Kjekt å vere saman med elevane på ein slik måte også.

Frank Robert hadde tidleg sagt at den dagen vi skulle på fjelltur, så måtte eg seie i frå. Då visste han at skisenteret ville vere ope og så fekk han vise fram kor flink gromguten har vorte på slalomski.

30.03.09 001

Sebastian tok turen opp i heisa mange gongar saman med pappaen sin. Heilt i nottane var dei, og tok til og med skogsløypa ned igjen. Så flink ein gut:-)

Det var skikkeleg kjekt for meg at dei tok turen og at eg fekk vise han fram til både kolleger og elevar. Trur liksom at alle har interesse av det. Er det ikkje typisk besteforeldre?

onsdag 1. april 2009

Liten og rosa....godt i gong:-)

Sist veke kjøpte eg meg eit heilt nytt strikk. Visste at det vart ventetid på sjukehuset og trengte noko nytt og spennande. Sjølvsagt måtte det verte nok lite og rosa. Har aldri strikka holmønster før, men tenkte at det ikkje kunne vere så vanskelig. Eg kunne å strikke to saman og eg kunne å lage kast.

Så sette eg i gong med friskt mot, og det gjekk lett som berre det. Skikkeleg kjekt med litt utfordringar og med eit mønster som skiftar mykje. Spennande å sjå korleis det vert når eg har strikka nokre omgongar.

Picnik collage

Skjørtet på kjolen er nesten ferdig no. Har brukt mandaringarn. Det er nesten litt vanskelig å legge det i frå seg.

Smil frå Wivi

mandag 30. mars 2009

Sølve sin dag

Heile familia mi samla på eit brett:-) Sølve feira 8-årsdagen sin. HIPP, HIPP HURRA!!!

8 lys på kaka, og sjølvsagt er det fadderen, tante Lena, som skal halde kaka når lysa skal blåsast ut. Ein skikkeleg tøffing med hendene godt planta i lommene:

30.03.09 010

Lego er det store for tida. Når alderen er nokså lik, så kan alle vere med å leike. Litt misunning var det nok, men det gjekk over etterkvart.

30.03.09 012

Amalie, tantejenta mi og vesle Victoria. For ei herleg kontakt det var mellom dei to og så flink som ho var til å halde:-)

30.03.09 013

Enda ei tantejente, Miriam. Henne er eg fadder til. Ho er 12 år. Ei skikkelig kjekk jente, som skal vere med oss på tur i sommar. Ikkje noko å seie på kontakta mellom henne og Victoria heller. Ho måtte reise litt før vi andre sidan ho skulle på TALENTSAMLING  i fotball. Eg har sett henne på fotballbana og ho er skikkeleg flink. Trur ikkje ho har det etter mora:-)

30.03.09 007

Her har vi 18-åringen i familia, henne er eg også tante til. Lena meinte at det rasla nokså mykje i eggstokkane hennar. Stakkars Marius, kjærasten, måtte berre finne seg i å verte småmobba:-) Ho held på å utdanna seg til frisør og skal forhåpentlegvis ut som lærling til sommaren.

30.03.09 008

Elsie, svigerinna mi og Sebastian. Ho skal verte bestemor til hausten. Eg veit omtrent korleis det kjennast:-)

30.03.09 009

Lena, mor til Amalie og systra mi. Her har ho ei skikkeleg kosestund saman med Victoria.

30.03.09 011

Victoria hadde med seg bærebag, men den fekk vi ikkje bruk for. Ho gjekk frå hand til hand. Alle var like ivrige på å få halde:-)

30.03.09 017

Pappa i full konsentrasjon om bloggen min. Han har ikkje eiga datamaskin, men det kan nesten sjå ut som om han er "moden" nok for det no:-) Litt fleiping vart det også, om den dagen han får seg profil på facebook.

30.03.09 015

Ei samansveisa familie. Alltid like kjekt når vi får høve til å treffe kvarandre.

Klem frå Wivi

fredag 27. mars 2009

Besøk på morgonkvisten

Vakna av at telefonen ringte i dag. Det var Frank Robert som lurte på kvar eg var. Han og Sebastian hadde sykla til barnehagen og no ville han gjerne innom ein snartur. Eg var ikkje sein til å slenge føtene ut av senga og kome meg ned i kjøkkenet. Eg sette på kaffekjelen, (eg kokar fortsatt kaffeen på kokeplate ja) og tok meg ein varm og nykokt kopp med kaffe.

Det gjekk ikkje lange stunda før dei dukka opp utanfor døra. Alltid kjekt at nokon stikk innom ein tur. Victoria låg i vogna og sov så uskuldig, mens mammaen fekk lov til å ligge litt frampå i dag.

Sjølv skal eg vere heime i ein månad. Tok ein liten operasjon i går og må passe meg for å løfte tungt. Eg spurde sjølvsagt om veslejenta var for tung til å løfte, og det var ho ikkje:-)

Før eg reiste til sjukehuset, fekk eg ordna meg med eit lite strikk. Ja, det er lite og rosa sjølvsagt. Er komen godt i gong med det, det er alltid spennande å begynne på noko nytt. Ventetida på sjukehuset vart kort når eg hadde strikket mellom hendene.